Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Dialektendringar aust på Agder

Magnhild Selås disputerer fredag 26. mars 2004 for dr. art graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Dialektal variasjon og endring aust på Agder - beskrive og forklart ved to språklege variablar".

Formålet med avhandlinga er å undersøke den dialektale variasjonen i eit område i Aust-Agder. Er språket i Arendal, Froland, Tvedestrand, Vegårshei og Åmli i endring? Og i så fall: I kva for retning går utviklinga? Er det slik at heile området får eit meir einskapleg språk, eller ser ein ulike utviklingar i dei ulike kommunane? Undersøkinga har tatt utgangspunkt i to språktrekk som blir undersøkt frå fleire språklege innfallsvinklar: fonetiske, fonologiske og (for det eine språktrekket sin del) morfologiske. Dei språklege innfallsvinklane blir sett saman med sosiale faktorar.

Gjennom å intervjue både eldre og yngre språkbrukarar av begge kjønn har undersøkinga avdekt variasjon og endring i undersøkingsområdet. Det ser ut til at området får ulike utviklingar: Arendal og Vegårshei hentar språkleg påverknad frå Austlandet, Froland og Åmli blir meir påverka frå dei andre kommunane i området, mens dialekten i Tvedestrand ikkje ser ut til å bli særleg endra på dei undersøkte punkta. I tillegg til den reint språklege undersøkinga drøftar avhandlinga det vitskapsteoretiske spørsmålet om kva som er ei beskriving og ei forklaring, og kva som skal til for å forstå. Avhandlinga konkluderer med at dei tilnærmingane som er brukt i denne undersøkinga, gjev grunnlag for å påstå at ein har beskrive og forklart den språklege variasjonen og endringa i området, men at ein ikke har grunnlag for å hevde at ein har forstått dei språklege mønstra i materialet.

Personalia:
Cand. Phil. Magnhild Selås er fødd og oppvaksen på Vegårshei. Ho er utdanna ved Universitetet i Oslo, Háskóli Íslands og Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd som sendelektor i Moskva og som høgskolelektor ved Høgskolen i Stavanger. I perioden 1999-2002 var ho NFR-stipendiat i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Frå 2003 har ho vore tilsett ved norskseksjonen ved Høgskolen i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
26.03.2004, kl. 10:15, Auditorium B, Sydneshaugen Skole, Sydnesplassen 9

Kontaktpersonar:
Magnhild Selås, tlf. 55 58 57 67, epost: magnhild.selaas@hib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side