Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Ung vaksen på 1800-talet i Norge

Arne Solli   
Arne Solli disputerer 28 mai 2004 for dr.art graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Livsløp - familie - samfunn: Endring av familiestrukturar i Norge på 1800-talet."

Føremålet med avhandlinga er å kartleggje og tolke utviklinga av familiestrukturen i Noreg på 1800-talet. Utviklinga er prega av urbanisering og industrialisering og vert gjerne skildra under den overordna termen modernisering. Hovudspørsmålet er korleis familien står innafor den breiare samfunnsutviklinga. Kva endringar kan ein sjå når det gjeld samansettinga av familien? Korleis skal endringane forklarast? I den familiehistoriske tradisjonen finn ein tre hovudtolkingar: Oppløysing, kontinuitet og interaksjon. Oppløysingstradisjonen hevdar det gamle samfunn smuldra opp, og det moderne steig fram. Medan kontinuitetsperspektivet har påvist at familien i langt mindre grad vart influert av industrialiseringa, t.d. var kjernefamilien dominerande både før og under industrialiseringsprosessen. Den tredje retninga har derimot vektlagt dynamikken og interaksjon mellom individuelle livsløp, familie og samfunnsutviklinga.

I diskusjon av desse tre hovudforklaringane har Solli valt å leggje avgjerande vekt på startfasen i familieetableringa - frå ein forlèt foreldreheimen til sjølv etablerer familie. Avhandlinga syner stabilitet kring etablering av familie gjennom 1800-talet, men derimot forlèt barna foreldreheimen på eit seinare punkt i livsløpet i 1900 enn hundre år før. Den såkalla leitefasen av livsløpet blir både nedkorta og endra i løpet av 1800-talet. For å forklare desse endringane testar Solli ulike hypotesar av økonomisk, demografisk og politisk-kulturell art. Solli konkluderer med at interaksjonsperspektivet gjev den mest fruktbare tolkinga av stabiliteten, variasjonen og endringane i familiestruktur i Norge på 1800-talet.

Personalia:
Arne Solli er fødd i 1962 og oppvaksen på Stranda i Møre og Romsdal. Etter cand. mag.-graden arbeidde Solli innafor IT-bransjen i perioden 1987-1994. Han vart uteksaminert med hovudfag i historie ved Universitetet i Bergen i 1995, tilsett som universitetsstipendiat i 1997 og førsteamanuensis i historisk informatikk 2000. Arne Solli har publisert artiklar om historie, undervisning og informatikk.

Tid og stad for disputasen:
28.05.2004, kl. 10:15, Lite Auditorium, Studentsenteret.

Kontaktpersonar:
Arne Solli, tlf. 55588950, epost: arne.solli@hi.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side