Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Hormonpåverknad ved arveleg høgt blodtrykk

Cand. scient. Øyvind B. Vågnes disputerar 5. oktober for Dr. philos. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Studies of Renal Vasopressin (V1a) receptors in spontaneously hypertensive rats."

Den spontant hypertensive rotte (SHR) er ein av dei mest nytta dyremodellane for genetisk hypertensjon eller arveleg høgt blodtrykk. Krysstransplantasjonsforsøk av nyre mellom hypertensive og normotensive dyr (dyr med normalt blodtrykk) har vist at blodtrykksauken er avhengig av nyreeigenskapar. Det har tidlegare vore vist at unge SHR har ein forsterka blodkarssamantrekking ved stimulering av hormona angiotensin og vasopressin i nyre. Den auka blodkarssamantrekkinga på angiotensin er vist å komme av ein feil i prostaglandin-signalisering som igjen fører til ein manglande bremsing av angiotensinresponsen. Den auka responsen på vasopressin er imidlertid vist å vere uavhengig av prostaglandin-signalisering. Målet for avhandlinga var å finne årsaka til auka blodkarssamantrekking i SHR ved vasopressinstimulering og kva rolle denne har i blodtrykksutviklinga SHR. Som referanseorganisme vart det i arbeidet brukt Wistar Kyoto rotter (WKY) med normalt blodtrykk.

Studiet har vist at den auka blodkarsresponsen på vasopressin i nyrene i SHR skyldast ein auka produksjon (genuttrykking) av reseptorproteinet V1a som fangar opp vasopressin hormonsignal og overfører desse til muskelsamantrekking i blodkara. Mengda av hormon i blodet kan påverke reguleringa av syntesen av denne type reseptorar. Det vart undersøkt om denne typen regulering var forskjelleg mellom dyr med normalt blodtrykk og dyr med høgt blodtrykk. Vi fann imidlertid at denne reguleringa var lik i mellom gruppene. Den hormonregulerte reseptoruttrykkinga var difor normal i SHR. I eldre dyr der blodtrykkutviklinga har stabilisert seg er den vasopressin-stimulerte blodkarsresponsen lik mellom SHR og WKY. Studiet viser at dette samsvarar med V1a uttrykkingsnivået i dyra. Reseptoruttrykkinga er oppregulert i SHR fram til dyra er mellom 12 og 20 veker gamle. Uttrykkinga i SHR blir så nedregulert til same nivå som WKY dyr. Studiet viser at den auka uttrykkinga av V1a reseptoren i SHR berre er lokalisert til enkelte blodkarsegment i nyret. I WKY var det ingen forskjell på V1a produksjonen dei ulike karsegmenta.

Studiet viser at uttrykkinga av V1a reseptorar er oppregulert i den aldersperioden då det høge blodtrykket vert etablert i SHR. Tidlegare studiar har vist at blokkering av V1a i denne perioden reduserar blodtrykksutviklinga. Våre data tyder difor på at oppregulering av nyre V1a reseptorar er viktige for blodtrykksutviklinga i SHR.

Personalia:
Øyvind Brune Vågnes er fødd i Ålesund i 1965 og fullførde cand. scient. graden ved Universitetet i Bergen i 2004. Han har sidan 2000 vore tilsett som universitetsstipendiat ved Institutt for Indremedisin, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesningene:
04.10.2004, kl. 15:15. Sjølvvald emne: "G-protein coupled receptors, a general introduction."
04.10.2004, kl. 16:15. Oppgitt emne: "The role of the renin-angiotensin system in the alterations of renal function during hypertension: from mouse to man."
Sted: Store auditorium, Sentralblokken, Haukeland Universitetssykehus

Tid og stad for disputasen:
05.10.2004, kl. 09:15, Store auditorium, Sentralblokken, Haukeland Universitetssykehus

Kontaktpersonar:
Øyvind Brune Vågnes, tlf. 55973050, epost: Oyvind.Vagnes@mbi.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det medisinske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side