Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Kjernekollisjonar ved høge energiar

Anders Strand Vestbø   
Cand. scient. Anders Strand Vestbø disputerer torsdag 27. mai 2004 for dr. scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Pattern Recognition and Data Compression for the ALICE High Level Trigger"

Avhandlinga omfattar utvikling og implementering av algoritmer for sanntid analyse og komprimering av data i ALICE eksperimentet som vert førebudd for oppstart i 2008 ved CERN i Geneve. I ALICE eksperimentet vil ein studere kjernekollisjonar ved særskild høge energiar, der formålet er å studere korleis elementærmaterie oppfører seg under ekstrem tettleik og temperaturar. I kvar einskild kollisjon vil det produserast fleire tusen nye partiklar som vil verte rekonstruert frå spora dei lagar i ulike detektorar. For å gjere ein systematisk analyse av desse kollisjonane, er det naudsynt å samla inn data frå eit stort antal slike kollisjonar. Dette krev at ein legg til rette for ein høg kollisjonsfrekvens, noko som igjen genererer store mengder data.

For å handtere dei store datamengdene, vert det utvikla eit utlesingssystem (High Level Trigger) som har til oppgåve å fortløpande analysere data frå detektorane og dermed redusere data-volumet som vert lagra for vidare analyse. Avhandlinga tek føre seg og evaluerer ulike metodar for rask og effektiv sporgjenfinning og datakomprimering som kan nyttast i dette systemet.

Personalia:
Anders Strand Vestbø er født i 1974 og kjem frå Finnøy i Ryfylke. Han avla cand. scient. eksamen i eksperimentell kjernefysikk ved Universitetet i Bergen i 1999. Han har vore tilsett som NFR-stipendiat ved Universitetet i Oslo sidan 2000, og har hatt arbeidsplass ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen.

Tidspunkt og sted for disputasen:
27.05.2004, kl. 14:00, Auditorium 2., Realfagbygget, Allégt. 41

Kontaktpersoner:
Anders Strand Vestbø, tlf. 55 58 27 16 / 91 89 48 94 , epost: AndersStrand.Vestbo@ift.uib.no
Formidlingsavdelingen v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Det matematisk-naturvitenskapelige fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side