Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

På leit etter ein ny type kjernematerie

Zhongbao Yin   
MSc. Zhongbao Yin disputerer fredag 23. juli for dr. scient graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”High pT Physics in Heavy Ion Collisions at sqrt (s_NN) = 200 GeV”

Ved å kollidera atomkjernar med ein fart tilnærma lysfarten vert atomkjernen sterkt komprimert og varma opp til ekstreme temperaturar. I slike kollisjonar er det forventa at proton og nøytron smeltar og frigjev kvarkar og gluon i ein ny type kjernematerie kalla kvark-gluon-plasma. Dersom eit plasma vert skapt, vil det raskt kjølna, ekspandera og slå seg saman til partiklar som kan sporast i detektorar. Oppgåva skildrar leitinga etter kvark-gluon-plasmaet ved å studera partiklar med høg transvers impuls som er produserte i kollisjonar av tunge ionar. Ved å samanlikna teoretiske utrekningar med eksperimentelle resultat frå kollisjonar av gull-kjernar ved Brookhaven National Laboratory har me funne indikasjonar på at ei slik form av kjernematerien har blitt produsert.

Personalia:
Zhongbao Yin vart fødd i Kina i 1970. Han gjennomførte mastergraden i partikkelfysikk ved Huazhong Normal University i 1996. Hausten 2000 kom kan til Noreg. Etter å ha fullført graden master of philosophy i kjernefysikk ved Universitetet i Bergen i 2001, starta han på doktorgradsprogrammet ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen, med økonomisk stønad frå Statens Lånekasse for Utdanning.

Tid og stad for disputasen:
23.07.2004, kl. 13.00, Auditorium Pi, Carl L. Godskes hus, Johannes Bruns gate 12.

Kontaktpersonar:
Zhongbao Yin, tlf. 55 58 27 92 (a), epost: yin@ift.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Kjerstin Gjengedal, tlf. 55 58 90 38 (a),
epost: kjerstin.gjengedal@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side