Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Kyrkjemusikk som samtidskultur

Sigbjørn Apeland   
Sigbjørn Apeland disputerer den 29. april 2005 for dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Kyrkjemusikkdiskursen. Musikklivet i Den norske kyrkja som diskursiv praksis."

Dagens musikkliv i Den norske kyrkja (DNK) er sterkt prega av spenningar mellom "tradisjon" og "fornying", "underhaldning" og "fordjuping", og det "folkelege" og det "høgverdige". Det er ei felles oppfatting om at musikk er viktig og nødvendig i kyrkja, men samstundes er det sprikande og konkurerande oppfattingar om kva type musikk (og liturgi) som er verdfull, og ulike aktørar (einskildpersonar, grupperingar og institusjonar) stridest om å vera premissleverandørar for diskusjonane. "Mangfald" har blitt eit honnørord innan mange kyrkjelege og kulturelle fora, noko som medfører at tradisjonelle musikalske og liturgiske uttrykk ikkje har den same priviligerte posisjonen i DNK som før, og at forkjemparar for slike verdiar har kome i ein konkuranseliknande situasjon der dei må kjempa om merksemda på linje med aktørar som har motstridande interesser.

Avhandlinga inneheld ei kartlegging av musikkbruken i DNK, og kyrkjemusikken sin plass i det øvrige "kulturlivet" og innan dei musikkfaglege og teologiske utdanningsinstitusjonane. Vidare vert det presentert døme frå debatten, som m.a. omhandlar førestillingar om "ungdomen", den moderne musikkens plass i kyrkja, diskusjonane omkring vigsling av kantor, og ulike teologiske og estetiske grunngjevingar for musikken sin plass i kyrkja.

Alle desse ytringane vert tolka i lys av sosiologen Pierre Bourdieu sitt omgrep om "sosiale felt" og "diskursomgrepet", m.a. slik det er formulert hjå dei elles svært så ulike filosofane Michel Foucault og Paul Ricoeur. Musikken vert analysert som "kulturell praksis", dvs. at han ikkje vert isolert som "kunstverk", "lydobjekt" eller "religiøst medium", men vert fortolka som menneskeleg samhandling i ein samfunnssamanheng. Snakket og skrivinga om musikken vert såleis ein viktig nøkkel til å tolka korleis den musikalske meiningsskapinga skjer.

Avhandlinga er basert på fylgjande kjelder: Alle slags offentlege ytringar om liturgi og kyrkjemusikk, t.d. bøker, avis- og tidsskriftartiklar, kyrkjelege lover og føreskrifter, liturgiske ordningar og studieplanar. Vidare er ei rekke kyrkjelege aktørar (t.d. organistar og prestar) intervjua. Dessutan er forskaren sine eigne røynsler som utøvande kyrkjemusikar ("deltakande observasjon") ei viktig kjelde.

Personalia:
Sigbjørn Apeland (f. 1966) er oppvaksen i Sveio, har kyrkjemusikarutdanning frå Rogaland musikkonservatorium (1988) og hovudfag i etnomusikologi frå Universitetet i Bergen (1998). Frå 2000-2004 var han stipendiat ved Griegakademiet - institutt for musikk ved UiB. Han har dessutan vore aktiv som som folkemusikkinnsamlar, og er i tillegg utøvande musikar som særleg har markert seg som brubyggjar mellom kyrkjemusikk, norsk folkemusikk og ulike former for improvisert musikk.

Tid og stad for prøveforelesninga:
28.04.2005, kl. 18:00. Oppgitt emne: "Det musikketnologiske feltarbeidet: Studiet av musikalsk praksis i egen kultur. Problemer og fordeler ved musikketnologiske studier i egen kultur, i eget yrke, i egen tro, eller i egen diskurs. En kritisk drøfting med utgangspunkt i begrepet 'Anthropology at home'"
Stad: Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Tid og stad for disputasen:
29.04.2005, kl. 10:15, auditorium B, Sydneshaugen skole

Kontaktpersonar:
Sigbjørn Apeland, tlf: 55586984 , epost: Sigbjorn.Apeland@grieg.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avhandlinga finnast også elektronisk her: http://hdl.handle.net/1956/656


Offisiell side