Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Prosessar som kan gi elektronnordlys

Arne Åsnes   
Arne Åsnes disputerer fredag 18. mars for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Substorm injections and wave-particle interactions causing energetic electron precipitation - Remote sensing of auroral X-rays and particle measurements at geosynchronous orbit"

Avhandlinga omhandlar i hovudsak om prosessar i det nære verdsrom som fører til at elektron av høg energi kolliderer med den øvre atmosfæren og produserer både nordlys og røntgenstråling. Vekselverknad mellom elektron og bølgjefenomen i rommet som kan gi opphav til elektronnordlys særleg frå midnatt til morgon er studert i detalj. I dette arbeidet er det mellom anna nytta røntgenbilete av nordlyset tatt frå satellitt, saman med direkte målingar av partiklar i det nære verdsrommet. Studiet omfattar mellom anna eit statistisk studie av målingar av elektron, og eit studie med detaljerte røntgenbilete av nordlys over Antarktis - sørlys.

Personalia:
Arne Åsnes er født i 1976 og vaks opp på Straumsnes i Sunnfjord. Han tok Cand. Scient eksamen i romfysikk ved Universitetet i Bergen hausten 2001. Arbeidet i doktorgraden er utført delvis på Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen og delvis ved Los Alamos National Laboratory, i USA.

Tid og stad for disputasen:
18.03.2005, kl. 13:00, Auditorium Pi, Carl Godskes hus, Johs. Brunsgt. 12

Kontaktpersonar:
Arne Åsnes, epost: asnes@ift.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side