Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Autoimmunitet i kreft og autoimmune polyendokrine syndrom

Anette Susanne Bøe   
Anette Susanne Bøe disputerar fredag 7. oktober for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Immunological perspectives of autoimmune polyendocrine syndromes and cancer”

Immunsystemet si oppgåve er å beskytte kroppen mot framande organismar som bakteriar og virus. Mange ulike mekanismar er involvert i dette forsvaret, mellom anna kvite blodceller. Nokre av desse vil også kunne reagere mot eige vev. Vanlegvis vil desse cellene bli hemma og finne seg i ein kviletilstand, men dei kan i somme tilfelle bli aktiverte og angripe eige vev. Slike sjukdommar kallar vi autoimmune sjukdommar. Døme er diabetes 1, hypotyreose og leddgikt. Bøe har i denne studien undersøkt molekylære og cellulære mekanismar som er involvert i utviklinga av autoimmune sjukdommar ved å nytte autoimmunt polyendokrint syndrom type I (APS-1) og autoimmunitet ved kreft som modellsjukdommar.

APS-1 er ein monogent arveleg og sjeldan sjukdom som er karakterisert ved binyrebarksvikt (Addisons sjukdom), sviktande biskjoldbruskkjertlar og kroniske sopp infeksjonar. Genet ”autoimmun regulator (AIRE)” er mutert i pasientane, og har som oppgåve å fjerne sjølvreaktive celler frå immunsystemet. Når AIRE ikkje fungerar, vert desse autoreaktive cellene bli verande. Dersom dei blir aktiverte kan dei angripe kroppens celler og gje skade på vev. Det er pasientane sine T celler og antistoff mot eige vev (autoantistoff) som er undersøkt i denne studien. Bøe har vist at autoantistoffa hemmar funksjonen til dei proteina dei binder seg til og at dei er av spesiell type som heiter IgG1. Dette tyder på at dei autoreaktive T cellene er av Th1 type og er ansvarlege for sjølve vevsskada. Ved å analysere autoantistoff og DNA sekvensen til AIRE har ho funne at APS-1 er vanlegare enn vi før har trudd. Det er viktig å identifisere APS-1 pasientar for å unngå livstruande komplikasjonar.

Bøe har også utforska autoimmunitet i kreftpasientar. Ein immunologisk reaksjon mot svulsten kan vere ein fordel for pasientane. Nokre gangar skyt immunsystemet ”over mål” og rammar eige vev som inneheld protein som finst i svulsten. Når dette skjer med antigen som er uttrykt i sentralnervesystemet kallar vi det paraneoplastiske nevrologiske sjukdommar (PND). Kjennskap til autoimmune mekanismar i PND og kreft kan gje hjelp til tidlig diagnose, nye testar i kreftdiagnostikken, og i framtida nye behandlingsmetodar.

Personalia:
Anette Susanne Bøe er født i 1976. Ho er oppvaksen i Malmø, Sverige og i Leirvik i Sogn. I juni 2000 avla ho sin Cand. Scient eksamen ved Molekylærbiologisk Institutt, Universitetet i Bergen. Dr.scient studiet vart påbegynt i 2001. Arbeidet er finansiert av Noregs Forskingsråd og er utført ved Institutt for Indremedisin, Universitetet i Bergen, med Eystein Husebye som hovud veiledar.

Tid og stad for disputasen:
07.10.2005, kl. 09:15, Auditoriet, Armauer Hansens hus, Haukeland Universitetssjukehus

Kontaktpersonar:
Anette S. Bøe, tlf 55973076/55973077, epost: Anette.Boe@med.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det medisinske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side