Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Staten og sjølvstyret

Yngve Flo   
Yngve Flo disputerer fredag 21. januar 2005 for dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Staten og sjølvstyret. Ideologiar og strategiar knytt til det lokale og regionale styringsverket etter 1900."

Kva tenking er det som ligg til grunn for utforminga av det lokale og regionale styringsverket i Noreg? Kva førestellingar har eksistert om kommunens stilling og status, kvifor har vi ein fylkeskommune, og kvifor vert einskilde oppgåver organiserte gjennom eit reint statleg apparat? Dette er spørsmål som vert drøfta i denne avhandlinga i historie, som tek føre seg perioden frå inngangen til 1900-talet og heilt fram til vår eiga tid.

I avhandlinga teiknar Flo eit bilete av dei ulike fasane i den ideologiske striden kring kommunen, i praksis mellom ulike førestellingar om kva prinsippet om kommunalt sjølvstyre eigentleg inneber, og kva kommunalpolitikk staten bør føre på dette grunnlaget. Blant dei prosessane som vert framstilte, er Arbeidarpartiets tilsynelatande lange sprang frå munisipalsosialismen i perioden fram til om lag 1930 - eit vern om kommunen mot alle former for «tvangsinngrep» frå statleg hald - til eit ideal om ein forvaltningskommune; ein kommune som laut underordne seg statlege krav og verte ein integrert del av det nasjonale styringsverket, men som samstundes skulle ha ein høg grad av handlefridom. I avhandlinga vert det hevda at den tidlegare så rotfeste førestellinga om kommunalt sjølvstyre som ei progressiv kraft synest å ha fått markant mindre oppslutnad i nyare tid. Lokalpolitikken vert m.a. i større grad oppfatta som eit hinder for å få sett i verk nasjonal politikk og eit trugsmål mot individuelle rettar.

Dei lange linene i utviklinga av fylket som styringsnivå vert òg skisserte i avhandlinga. Det gjeld særleg grunnleggjande rikspolitiske førestellingar om fylkeskommunens og fylkesmannsembetets oppgåver og roller, og ikkje minst sambandet mellom desse to organa. Fylkeskommunens høgst uvisse status i dag vert drøfta i lys av den storstilte reformprosessen som toppa seg midt på 1970-talet, den gong han vart «frigjort» frå dei nære bindingane til fylkesmannsembetet og kommunane. Mange av forklaringane på kvifor det gjekk gale med fylkeskommunen lyt søkjast nett-opp i omstenda kring denne prosessen - og historia syner dessutan kva vanskar som lyt overvinnast for at ei eventuell ny, storstilt reform på regionalt nivå kan verte vellukka.

Delar av avhandlinga er tidlegare publiserte i rapporten Det lokale og det nasjonale (2003), som vart gjeven ut av Makt - og demokratiutgreiinga.

Personalia:
Yngve Flo er fødd i 1972 og oppvaksen på Bryggja i Nordfjord. Han tok cand.philol.-graden ved Universitetet i Bergen i 1998, og vart så forskingsassistent og seinare stipendiat ved Norsk senter for forsking i leiing, organisasjon og styring (LOS-senteret) i Bergen/Historisk institutt, UiB. Han er no forskar ved Stein Rokkan senter for fleirfaglege samfunnsstudiar (Rokkansenteret) i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
21.01.2005, kl. 10:15, Auditorium B, Sydneshaugen skole.

Kontaktpersonar:
Yngve Flo, tlf. 55 58 38 95 (a), epost: Yngve.Flo@rokkan.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side