Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Livskvalitet og vannlatingsplager hos menn

Johannes Haltbakk   
Johannes Haltbakk disputerer fredag 7. oktober 2005 for dr. polit.-graden ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Quality of life in men with lower urinary tract symptoms (LUTS) suggestive of benign prostatic hyperplasia”

Avhandlinga er basert på ein studie av menn som sto på venteliste for urologisk utgreiing av vannlatingsplager (Lower Urinary Tract Symptoms, LUTS). Alle hadde førebels diagnose godarta prostatahyperplasi. Arbeidet gjekk ut på å kartleggje samanhengen mellom pasientane sin livskvalitet, enkeltsymptom, plager som symptoma gjev og deira innverknad på dagleglivet. Avhandlinga inkluderer også ein gjennomgang av litteratur der endring i livskvalitet etter kirurgisk behandling av godarta prostatahyperplasi er rapportert. Gjennomgangen viser at livskvaliteten blir betra etter behandling, men at livskvalitetsomgrepet ofte har eit svært smalt innhald i denne litteraturen. Ofte er det registreringar av symptom, plager eller innverknad på daglegliv som er nemnd som livskvalitet. Det er problematisk.

Menn med vannlatingsplager har svært mange forskjellige symptom. Urininkontinens er eitt. Studien viser at det kan vera grunnlag for å gi urininkontinens auka merksemd. Fleirtalet hadde mild eller moderat urininkontinens, men i alle alvorsgruppene opplevde pasientane at symptomet hadde tydeleg innverknad på dagleglivet. Vannlating om natta, hyppig vannlating på dagtid og urininkontinens blir rekna som dei mest plagsame symptoma. Det varierer svært mykje kor hyppig desse symptoma førekjem før dei er subjektivt relevante – altså om pasienten synest at symptoma er eit problem.

Det vart funne forskjell i livskvalitet mellom grupper med ulik grad av subjektivt relevante symptom. Variasjonen ein finn i livskvalitet innan gruppa heng ikkje så sterkt saman med forskjellar i kor hyppig symptoma førekjem. Det kan vera at vannlatingsvanskar ikkje påverkar livskvaliteten i særleg grad, eller kan også vera at skjemaet som vart bruka for å registrere livskvalitet er for generelt til å fange opp relevante skilnader mellom grupper av ulik alvorsgrad.

Personalia:
Johannes Haltbakk er stipendiat ved Seksjon for allmennmedisin og Seksjon for sjukepleievitskap ved Universitetet i Bergen. Han tok cand. polit. -graden med hovudfag i sjukepleievitskap ved Universitetet i Bergen i 1995 og sjukepleiarutdanning ved Sjukepleiarhøgskolen i Molde 1984-1986. Han har vore høgskolelektor ved Høgskolen i Sør-Trøndelag og sjukepleiar ved Regionsykehuset i Trondheim. Johannes Haltbakk er fødd i 1962 og vaks opp i Halsa ved Kristiansund.

Tid og stad for prøveforelesninga:
06.10.2005, kl. 14:15. Oppgitt emne: ”Hvilke krav bør stilles til livskvalitetsskalaer som effektmål for medisinsk behandling”
Sted: Auditorium 1, BB-Bygget, Jonas Lies vei 91.

Tid og stad for disputasen:
07.10.2005, kl. 10:30, Auditorium 1, BB-Bygget, Jonas Lies vei 91

Kontaktpersonar:
Johannes Haltbakk, tlf 55 58 61 54, epost: Johannes.Haltbakk@isf.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det medisinske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side