Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Torsk - seleksjon, fiskepress, utbytte og bestand

Cecilie Kvamme   
Cecilie Kvamme disputerer fredag 27. mai for dr. scient.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"The northeast Arctic cod (Gadus morhua L.) stock: Gear selectivity and the effects on yield and stock size of changes in exploitation pattern and level"

Avhandlinga tek for seg reiskapsseleksjon i botntrål, samt korleis utbyttet og bestandsstorleiken av norsk arktisk torsk vert påverka av beskatningsmønster og fiskepress. Reiskapsseleksjonen seier noko om kva storleikar som vert fanga av reiskapen, medan beskatningsmønsteret viser kva storleikar ein haustar frå bestanden. For å redusere fangstane av liten fisk blei sorteringsrist innført i trålfisket etter norsk arktisk torsk i 1997.

Avhandlinga viser at ein ved å ta i bruk sorteringsrist i trål fangar større torsk enn utan rist. Simuleringar gjort med ein alders- og lengdestrukturert bestandsmodell viser at ei slik forskyving mot å fiska større torsk vil vera positivt for både langtidsutbyttet og bestanden. Arbeidet tyder dessutan på at utbyttet kan aukast enno meir ved å retta fisket mot større torsk enn fiskeflåten fangar no for tida og / eller redusera fiskepresset. Tidlegare har ein funne liknande resultat med aldersstrukturerte bestandsmodellar. For bestandar der veksten varierer frå år til år eller innan ei årsklasse, er det viktig å òg ta omsyn til bestanden sin lengdestruktur. Avhandlinga viser at den estimerte gevinsten ved å forskyva fisket mot større torsk aukar når ein tek omsyn til lengdevariasjonen i bestanden.

Personalia:
Cecilie Kvamme er født i Bergen i 1973, og oppvaksen på Os sør for Bergen. Ho tok cand. scient.-graden i fiskeribiologi ved Universitetet i Bergen i 1999, og vart året etter NFR-stipendiat ved Havforskningsinstituttet i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
27.05.2005, kl. 10:15, Auditorium 4, Realfagsbygget

Kontaktpersonar:
Cecilie Kvamme, tlf. 55 23 69 31 (a), epost: cecilie@imr.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side