Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Modellering og avbildning av jordskorpa

Frode Ljones   
Frode Ljones disputerer mandag 3. oktober for PhD.-graden ved Universitet i Bergen med avhandlinga:

“Model Based Processing and Analysis of Seismic Multi-component Data”

Seismikk er ein avbildningsmetode der ein sender ut og registrerer longitudinale lydbølger (P-bølger) reflektert frå ulike laggrenser i undergrunnen. Legg ein lyttekabelen på havbotnen får ein det som kallast havbunnseismikk (OBC-seismikk; Ocean Bottom Cable). Då registerer ein både P- og S-bølger (skjær-bølger). Dei ulike bølgetypane blir i hovedsak registrert på ulike komponentar i registreringskabelen, derav navnet multi-komponent data. Desse to bølgetypane gjer det lettare å bestemme litologi (feks sandstein eller leirstein) og å skilje mellom væsketypar (vatn, olje eller gass) i reservoaret. Kor mykje informasjon ein klarer å trekke ut av dei seismiske dataene er i stor grad avhenging av kor godt ein klarer å prosessere dei. Prosessering vil seie å omforme innsamla rådata til ein endelig summert (stacked) seismisk seksjon. Prosessering av multi-komponent data er imidlertid langt meir krevande samanlikna med konvensjonell seismikk, men dette kan betrast ved hjelp av arbeidsflyten modellbasert prosessering.
Arbeidsflyten er utforma for å prosessere havbunnsdata saman med borehullsseismiske wVSP data (walkaway Vertical Seismic Profiling), der registeringa blir gjort i borehullet.

Hovedpoenget med modellbasert prosessering er å prosessere dataene ut i frå ein antatt modell som ein tenker seg best samsvarar med undergrunnen, og der ein kombinerer så mykje tilgjengelig informasjon om undergrunnen som mulig (feks wVSP-data, borehulls loggar, tidligare seismiske studier i området etc). Modellen oppdaterast undervegs slik at ein oppnår ei optimal tilpasning mellom dei ulike datatypane. Metoden er anvendt på 2D seismiske multi-komponent data frå Granefeltet til Hydro og Statoil sitt Gullfaksfelt i Nordsjøen. Analysen har gitt ein detaljert beskrivelse av laggrenser og hastighetsstruktur langs profillinjene, samt påvist at såkalla seismisk anisotropi, der hastigheten til dei seismisk bølgene avhenger av vinkelen dei utbreer seg med, ofte er tilstade i laga over reservoret. Effekten av anisotropi er generelt så sterk at det er av avgjerande betyding å korrigere for dette i dataprosseringa. Då kvaliteten på dei endelege ”stacka” dataene i stor grad avhenger av den estimerte hastighetsmodellen beskriv også Ljones ein ny metode for å seie kor godt eller nøyaktig ein klarer å prosessere dataene.

Personalia:
Frode Ljones er født i 1976, og oppvaksen på Knarvik i Lindås og Hermansverk i Sogn. Ljones er utdanna cand.scient i petroleumsgeofysikk ved UiB desember 2001. I 2002 blei Ljones ansatt som stipendiat ved UiB i samarbeid med forskningsavdelinga til Schlumberger i Stavanger, der forskningsarbeidet er utført. Ljones er ansatt som Post.Doc ved Universitet i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
03.10.2005, kl. 10:15, Auditorium 2, Realfagbygget, Allegaten 41

Kontaktpersonar:
Frode Ljones, 51 94 64 65, epost: fljones@stavanger.oilfield.slb.com
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side