Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Lys i sjøen

Lotsberg Jon Kåre   
Jon Kåre Lotsberg disputerer fredag 3. juni for dr.scient.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Light and Life in Norwegian Waters: Laboratory Measurements, Field Measurements, and Simulations."

Lys i havet er interessant å studere både fordi livet i havet er avhengig av tilgjengeleg lys, men også fordi lyset i havet er ein parameter som ein kan bruke som eit mål på algekonsentrasjonen. Begge desse innfallsvinklane blir brukt i denne avhandlinga. Når lyset frå sola treff ein alge eller ein mineralpartikkel i havet vil lyset i hovudsak fortsette framover i tilnærma same retning. Noko av lyset vil likevel bli spreidd ut til sidene og bakover i tilnærma motsett retning av innfallande lys. Kor mykje som blir spreidd framover, ut til sidene eller bakover avheng av kva type partikkel det er. Om partikkelen er ein alge eller ein mineralpartikkel er avgjerande. Det same er storleik, fasong og samansetning. I denne avhandlinga presenterer vi eit instrument som måler spreiinga av lyset svært nøyaktig og vi analyserer korleis ulike eigenskapar ved partiklane påverkar lysspreiinga.

I avhandlinga presenterer vi også simuleringar av korleis lys blir transportert gjennom atmosfære og hav. Vi ser både på lysintensiteten og polarisasjonen. Resultata tyder på at ved å måle graden av polarisasjon til lyset i havet kan ein estimere konsentrasjon av både mineralpartiklar og algar.

Vi presenterer også resultat av eit samarbeid med Institutt for Biologi der vi har gjort både laboratoriemålingar og målingar i felten av korleis algar reagerer på lys og ultrafiolett stråling.

Personalia:
Jon Kåre Lotsberg er født i 1973. Han er født og oppvekst i Volda. Han er utdanna cand. scient frå Universitetet i Bergen i 2000 og har også grunnfag i mediekunnskap. Han har arbeidd som lærar både på i mediekunnskap på Sagavoll folkehøgskole i Telemark og i matematikk og fysikk ved Universitetet i Bergen. Han byrja som doktorstipendiat hausten 2000. Sidan hausten 2003 har han vore busett på Hønefoss. Han er gift med Solbjørg Helen Krossli Marjala og har eitt barn, Aurora Lotsberg Marjala.

Tidspunkt og sted for disputasen:
03.06.2005, kl. 13:00, Auditorium 2, Realfagsbygget, Allégt. 41

Kontaktpersoner:
Jon Kåre Lotsberg, epost: jonkare.lotsberg@ift.uib.no
Formidlingsavdelingen v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Det matematisk-naturvitenskapelige fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side