Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2005

NY DOKTORGRAD

Histonkoden - ein mekanisme for cellulært minne

Anja Ragvin   
Anja Ragvin disputerer fredag 7. januar for dr. scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"The PHD finger: a nucleosome-binding protein module involved in epigenetic gene regulation".

Når eit befrukta egg utviklar seg gjennom fosterutviklinga blir det danna ei mengd spesialiserte celler, vev og organ. Alle cellene i kroppen har det same genmaterialet (DNA), men dei kan likevel vere svært ulike både i utsjånad og funksjon. Dette skuldast differensiell genregulering som gjer at ulike gen er aktive i dei ulike celletypane. Differensiell genuttrykking blir etablert tidlig i fosterutviklinga. Seinare, kvar gong cellene deler seg, må informasjon om kva gen som skal vere aktive overførast til datter-cellene slik at desse kan bygge vidare på den spesialiseringa som mor-cella har. Dersom denne informasjonsflyten bryt saman, vil det kunne føre til feil i fosterutviklinga og gje opphav til sjukdom som t.d. kreft. Det er derfor svært viktig å forstå desse mekanismane.

Informasjonsoverføring frå mor-cella til datter-cellene skjer ved hjelp av mekanismar som ikkje er koda i DNA, såkalla epigenetiske mekanismar. I ein type epigenetisk mekanisme blir det sett merke i kvart gen som fortel cella om genet er aktivt eller ikkje. I cellene er DNA pakka tett saman med histon-protein til kompakte kromatin-strukturar. Epigenetiske merke kan setjast som kjemiske modifikasjonar i histona. Ein trur at slike modifikasjonar på histona utgjer ein epigenetisk kode, histonkoden, som fortel cella kva gen ho skal uttrykke. Histonkoden gir cellene eit slags minne.

Tema for dette doktorgradsarbeidet er korleis cella les og nyttar histonkoden. Arbeidet er fokusert på PHD-fingeren, eit proteindomene (ein del av eit protein) som vi trur er med på å lese histonkoden. PHD-fingeren finst i omlag hundre ulike protein, ofte saman med andre domene som vi trur han samarbeider med for å gjenkjenne ulike merke på histona. Avhandlinga viser at PHD-fingeren kan binde til kromatin og skildrar korleis han kan samarbeide med andre domene for å gjere dette.

Personalia:
Anja Ragvin er fødd i 1975 og er oppvaksen i Bø i Telemark. Ho tok hovedfag i molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen i 2001 og har sidan vore tilsett som stipendiat i forskingsgruppa til professor Rein Aasland ved Molekylærbiologisk Institutt.

Tid og stad for disputasen:
07.01.2005, kl. 10:15, Store Auditorium (rom 2144), 2. etasje i Datablokken ved Høyteknologisenteret i Bergen (HIB), Thormöhlensgate 55.

Kontaktpersonar:
Anja Ragvin, tlf. 55584441, epost: anja.ragvin@student.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.