Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Vekststimulerande protein i skjoldbruskkjertelkreft

Laila Johanne Reigstad   
Laila Johanne Reigstad disputerer fredag 27. mai for dr. scient graden ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Universitetet i Bergen med avhandlingen:

"PDGF-C: Structural analysis and endogenous intracellular expression with special reference to human thyroid tissue"

Reigstad mottok eit 4-årig stipend fra Den Norske Kreftforening for å studere molekylærbiologiske eigenskapar til kreft i skjoldbruskkjertelen. Denne typen kreft utgjer berre 1% av nye krefttilfelle i Noreg kvart år, men ettersom dei aller fleste pasientar lever med sjukdomen i mange år, resulterar dette i ei stor pasientgruppe med diagnosen kreft i skjoldbruskkjertelen.

Doktoravhandlinga omhandlar funksjons- og strukturstudiar av det vekststimulerande proteinet PDGF-C (Platelet-derived growth factor C) i skjoldbruskkjertelkreft. PDGF-C vart oppdaga i 2000 og har vist seg å vera involvert i normal utvikling og vedlikehold av kroppen, men deltek også i kreftutvikling. I doktorgradsarbeidet inngår analyse av PDGF-C i vev frå pasientar operert for skjoldbruskkjertelkreft ved Haukeland Universitetssykehus.

Svært interessant er funnet av PDGF-C protein i cellekjernene, ettersom andre protein i same familie hovudsakleg er å finna utanfor cellene eller tilknytt cellemembranen. Under arbeidet vart det også oppdaga at PDGF-C finns i to ulike former, og at mengda av dei ulike formene varierar mellom kreftvev og normalvev. Desse analysane legg dermed grunnlaget for å forstå korleis PDGF-C deltek i kreftutviklinga, og er dei første data publisert om PDGF-C i skoldbruskkjertelkreft. Basert på modellering og strukturelle eksperiment har Reigstad også laga ein tre-dimensjonal struktur av PDGF-C proteinet. Dette er det einaste strukturelle arbeidet som er publisert på PDGF-C, og strukturen viser klar likskap til ein bestemt proteinfamilie involvert i vekststimulering av celler.

Personalia:
Reigstad er fødd i 1972 og oppvaksen i Gjervik i Nordhordland. Ho har grunnutdanning frå Høgskulen i Hedmark og Universitetet i Tromsø og avla Cand. scient eksamen i Molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen i 2000. Første april gjekk Reigstad over i ny stilling ved Institutt for Biologi, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
27.05.2005, kl. 10:15, Store Auditorium (Datablokka), Høgteknologisenteret i Bergen, Marineholmen.

Kontaktpersonar:
Laila Johanne Reigstad, epost: Laila.Reigstad@mbi.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side