Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Korleis påverkar planteoljer laksen?

Ingunn Stubhaug   
Ingunn Stubhaug disputerer 2. september for PhD-graden ved Det matematisk- naturvitenskapelige fakultet, Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Lipid metabolism in Atlantic salmon (Salmo salar L.) - with emphasis on lipid catabolism."

Fiskeoljer utgjer ein stor del av den totale fôrmengda til laks. Sidan tilgangen til fiskeoljer er avgrensa medan etterspurnaden er aukande, er det difor viktig å undersøkja om laksen kan klare seg med andre oljekjelder som t.d. planteoljer. Dette er nødvendig for ein berekraftig utvikling av akvakulturnæringa. Denne doktorgraden undersøkjer korleis planteoljer i fôret påverkar laksen.

Resultat frå avhandlinga viser at laks gitt planteoljer veks like godt som laks gitt fiskeoljer og at ei blanding av ulike planteoljer er betre enn om ein kun brukar ein type planteolje. I tillegg hadde laksen gjennom livssyklusen lik kapasitet til å produsere energi frå feitt uavhengig av oljekjelde, men i ei viktig fase som smoltifiseringsprosessen (frå ferskvatn til sjøvatn) var energiproduksjonskapasiteten noko redusert hos laks fôra med planteoljer. Årsaka til dette, og om det har ein innverknad på laksen sin evne til å osmoregulere, bør undersøkjast vidare. Under den særs energikrevjande smoltifiseringsprosessen vart det funne indikasjonar på at feitt blir transportert frå muskel og andre feittlager til levra for nedbryting til energi. Dette tyder på at levra blir eit viktigare organ for energiproduksjon enn musklane under denne prosessen.

Feittsyresamansetninga i laksen reflekterar vanlegvis feittsyresamansetninga i fôret. Dersom laksen sin metabolisme endrar seg ved bruk av planteoljer, kan feittsyresamansetninga i laksen bli ulik den i fôret. Resultata viser at for spesifikke feittsyrer er nedbrytning avhengig av mengde i fôret. Dess meir av ein type feittsyre som vert gitt, blir meir vert brote ned. Gir ein derimot lite av desse feittsyrene, vert dei tekne vare på. Dermed blir feittsyresamansetninga i laksen reflektert den i fôret. På eit cellulært nivå, viser resultat at omega-3 feittsyrer blir spesifikt inkorporert i strukturelt feitt, medan omega-6 feittsyrer blir brukt til energi uavhengig av diett. Feitt er viktig m.a. for produksjon av energi, cellestruktur, produksjon av hormon og er med på å regulere protein involvert i feittmetabolismen.

Personalia:
Ingunn Stubhaug er fødd 06.09.1977 og er oppvaksen i Førde, Sogn og Fjordane. I 2002 tok ho cand.scient graden ved Universitetet i Bergen. Doktorgraden er utført ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES), og har vore delvis finansiert av EU sitt 5. rammeprogram.

Tid og stad for disputasen:
02.09.2005, kl. 10:00, "Sildetønnen", NIFES, Nordnesboder nr 4, 4. etg.

Kontaktpersonar:
Ingunn Stubhaug, tlf.: 55 90 51 49, epost: ist@nifes.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side