Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Genvariantar som vernar mot kreft i tjukktarmen

Arve Ulvik   
Arve Ulvik disputerer fredag 4. november for dr. philos.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Colorectal cancer, one-carbon metabolism, and related single-nucleotide polymorphisms, method development and epidemiological studies.

Kreft i tjukktarmen er ein av dei vanlegaste kreftformene i Noreg og talet på nye krefttilfeller per år er stigande. Aldersjustert forekomst av denne krefttypen i i-land er langt høgare enn i u-land, og det er stor semje om at såkalla vestleg livsstil er ein viktig delårsak. Arvelege variantar av tjukktarmskreft finst, men utgjer maksimalt 5% av det totale antalet. Estimat tyder derimot på at arveleg disponering har betydning i 35% av tilfellene. Det er derfor viktig å greie ut korleis samspelet mellom miljø og arvelege faktorar verkar inn på sannsynlegheiten for å få tjukktarmskreft.

I den fyrste delen av dette arbeidet vart det lagt vekt på å utvikle metodar for å påvise genvariantar i vanskelege prøvematerial som serum frå blod. Fleire ulike metodar blei utvikla der fokuset var retta på analysekvalitet, hurtigheit med tanke på store analysemengder, og minimal prøvehandsaming. I andre delen blei metodane brukt på blodprøver samla inn i samband med epidemiologiske studiar av tjukktarmskreft. Resultata viser eit komplekst samspel mellom variantar av genet metylentetrahydrofolat reduktase, røyking, og status av B-vitaminet folat med omsyn til risiko for langtkomne forstadier til kreft. I eit anna større studium blei det for fyrste gong påvist at ein variant av dette genet, i tillegg til ein variant av genet metionin syntase, med statistisk sannsynlegheit reduserer risiko for kreft i tjukktarmen.

Personalia:
Arve Ulvik er født i 1964 og oppvaksen på Sandane i Norfjord. Han avla Cand. Scient. eksamen i biokjemi ved Biokjemisk Institutt, Universitetet i Bergen i 1990. Dr. Philos studiet blei påbegynt i 1996. Arbeidet er utført på Institutt for Indremedisin, seksjon for farmakologi med Prof. Dr. Per M. Ueland som vegleiar.

Tid og stad for disputasen:
04.11.2005, kl. 10:30, Auditorium 1, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91.

Kontaktpersonar:
Arve Ulvik, tlf. 55 97 46 57, epost: arve.ulvik@farm.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det medisinske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side