Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Oppbygging av eit varslingssystem for Nordsjøen

Nina Gjerde Winther   
Nina Gjerde Winther disputerer fredag 4. november for dr.scient.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Towards a North Sea prediction system”

Evna til å forbetre vår forståing og varsling av sirkulasjon i Nordsjøen er eit utfordrande forskningsmål med viktige konsekvensar for styresmakter, marin industri og mennesker som bur i området. Eit operasjonelt varslingssystem kan betre sikkerheita og effektiviteten av marine operasjonar og bidra til bærekraftig utforskning og forvaltning av havressursar, som olje, gass og fisk. Eit viktig verktøy for å forstå og varsle havet er avanserte numeriske havmodellar. Kvaliteten på numeriske havmodellar er betydeleg betra dei siste tiåra, men det er framleis prosessar som må representerast betre, særlig i kystsonen der dynamikken er svært kompleks.

I avhandlinga er ein ny generasjon numerisk havmodell, opprinneleg utvikla for basseng skala studiar, implementert for Nordsjøen. Denne havmodellen har ein lovande design, særleg når det gjeld å takle overgangen frå djupt til grunt hav, men den er ikkje testa for eit kystområde tidlegare. I avhandlinga er havmodellen evaluert og vidareutvikla, og spesielt er ein alternativ numerisk metode testa. Det er vist at denne metoden er meir hensiktsmessig å bruke, og gjev betre resultat med lågare kostnad.

Det varme og næringsrike Atlanterhavsvatnet som kjem inn i Nordsjøen er viktig både for det regionale klimaet og den marine produktiviteten. Det avanserte modellsystemet er brukt til å analysere transporten av Atlanterhavsvatn inn i Nordsjøen, og kvantifisere variabiliteten og destinasjonen av denne vatnmassen. Det er i avhandlinga vist at transporten av Atlanterhavsvatn i stor grad er styrt av styrken på vestlege vindar, og at 50% av denne vatnmassen vert blanda med ferskare vatnmassar før den forlet Nordsjøen som den norske kyststrøm, eit estimat som er høgare enn tidlegare antatt.

Personalia:
Nina Gjerde Winther er født i 1977 og oppvaksen på Bryne på Jæren. Ho avla cand.scient eksamen i oseanografi ved Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen i 2002. Dr.grads arbeidet er finansiert av Norges Forskningsråd, og utført ved Nansen Senter for Miljø og Fjernmåling. Winther er no ansatt som Post.doc ved Nansen Senteret.

Tid og stad for disputasen:
04.11.2005, kl. 13:15, Nansen Senter for Miljø og Fjernmåling, Thormøhlensgt. 47, 5006 Bergen

Kontaktpersonar:
Nina Gjerde Winther, tlf. 55 20 58 66, epost: nina.winther@nersc.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side