Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Verftsindustri og økonomiske drivkrefter

Hans K. Mjelva disputerar 23. september 2005 for dr. art. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Tre storverft i norsk industris finaste stund. Ein komparativ studie av Stord Verft, Rosenberg mek. Verksted og Fredrikstad mek. Verksted 1960-1980"

1960-talet var ein eineståande vekstperiode for norsk industri. Det nye var at veksten kom i kunnskapsbaserte industrigreiner, som verkstad- og elektroteknisk industri, og at det kom samstundes som tollvernet vart bygd ned. Denne handelsliberaliseringa, som fulgte av Noregs EFTA-medlemskap i 1960, har òg blitt hovudforklaringa på veksten. Staten har fått ei meir tilbaketrekt rolle som omstillingshjelpar. Med utgangspunkt i den mest ekspansive næringa i perioden, skipsbyggingsindstrien, tek denne avhandlinga sikte på å utfordre denne forklaringa på veksten, og forståinga av det industrielle samanbrotet etter oljekrisa i 1973. Avhandlinga er ein studie av økonomiske drivkrefter ved tre norske storverft på 1960- og 1970-talet. Den viser at veksten i næringa i stor grad skuldast politisk støtte. Men den viser òg at generelle statlege verkemiddel for bransjen slo ulikt ut, alt etter bedriftenes teknologiske og marknadsmessige orientering. Den argumenterar dessutan for at staten, ved å ta stor risiko i statsgaranterte kredittordningar i perioden 1960-74, la mykje av grunnlaget for veksten i landets største verkstadkonsern, Aker. Dermed vart staten medskuldig for krisa i Aker frå 1974. I kontrast til eksisterande litteratur tek Mjelva til orde for at den statlege støtten kan tolkast positivt, ved at den var medverkande til oppbygginga av verkstadkonserna Aker og Kværner og såleis la grunnlaget for sentrale delar av norsk offshoreindustri og for industriell vekst i dei følgjande tiåra.

Personalia:
Hans K. Mjelva (f. 1966) vaks opp Geiranger. Han tok hovudfag i historie ved Universitetet i Bergen i 1995, og var stipendiat ved LOS-senteret (vidareført i Rokkansenteret) 1998-2001. Mjelva er i dag journalist i Bergens Tidende.

Tid og stad for prøveforelesninga:
22.09.2005, kl. 16:30. Oppgitt emne: ”Avindustrialisering og industriell omstilling og nyskapning i Norge 1970-2000”
Sted: Auditorium B, Sydneshaugen skole, UiB.

Tid og stad for disputasen:
23.09.2005, kl. 10:15, Auditorium B, Sydneshaugen skole, UiB.

Kontaktpersonar:
Hans K. Mjelva, tlf. 909 69 285, epost: hans.mjelva@bt.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side