Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2006

NY DOKTORGRAD

Studier av depresjon og kognitiv funksjon

Eva Aaker Biringer   

Eva Aaker Biringer disputerer 29. september 2006 for dr. med. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Clinical, epidemiological, and functional neuroimaging perspectives on the association between depression and neurocognitive function”.

Folk som er deprimerte føler ofte dei har vanskar med minnet og med å konsentrere seg. Det kan til dømes vere vanskeleg å følge med i eit TV-program, ein samtale eller å hugse ting i kvardagen. Det er imidlertid usikkert om og i kor stor grad desse problema med kognitiv funksjon betrar seg når folk blir friske av depresjonen. Då mange lir av depresjon (ca. 10% av befolkinga), førekjem disse plagene sannsynlegvis hyppig.

Eva Biringer har følgd opp ei gruppe pasientar med alvorleg tilbakevendande depresjon. Desse blei undersøkte med testar som måler kognitiv funksjon medan dei var alvorleg deprimerte, og etter to år medan dei var heilt eller delvis friske av depresjonen.

Hovudfunna i doktorgradsarbeidet er at dei kognitive problema betrar seg i løpet av tilfriskninga fra depresjon. Det ser ut til at der er berre liten eller ingen forskjell på kognitive testresultat mellom dei som har blitt friske og dei som aldri har vore deprimerte. I ei undergruppe som var undersøkt med ein funksjonell hjerneavbildingsteknikk (fMRI) var der målbar endring i hjerne-aktiveringsmønsteret samstundes med tilfriskning fra depresjonen.

Ein av artiklane fra doktorgradsarbeidet bygger på data fra ”Helseundersøkelsen i Hordaland 1997-’99”. Data fra 2000 deltakarar viser at samanhangen mellom det å ha depressive symptom og dårleg kognitiv funksjon eigentleg er svakare enn ein tidlegare har trudd. Der kan vere faktorar som heng saman med det å vere deprimert, til dømes låg sjølvkjensle, som gjer at deprimerte føler det som om dei har dårlegare konsentrasjons- og minne-evne enn det som faktisk viser seg på objektive testar.

Personalia:
Eva Aaker Biringer er fødd på Geilo i 1971, og oppvaksen på Stord. Ho tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1997. Seinare har ho arbeidd som lækjar i allmennpraksis og ved somatiske og psykiatriske sengeavdelingar. I dag er ho tilsett som koordinator for forskingsaktiviteten i Psykiatrisk klinikk, Helse Fonna HF.

Tid og stad for prøveforelesninga:
28.09.2006, kl. 14:15. Oppgitt emne: "Antidepressivas effekt på nevrokognitiv funksjon”
Sted: Auditorium 1, Bygg for biologiske basalfag (BBB), Jonas Liesv. 91

Tid og stad for disputasen:
29.09.2006, kl. 10:30, Auditorium 4, Bygg for biologiske basalfag (BBB), Jonas Liesv. 91

Kontaktpersonar:
Eva Biringer, tlf. 52 73 28 66/ 53 49 08 16, epost: eva.biringer@helse-fonna.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det medisinske fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg her: http://hdl.handle.net/1956/1900

For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.