Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Med barn i by. Foreldreskap, plass og identitet

Hilde Danielsen   

Hilde Danielsen disputerer fredag 9. juni for dr. art graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Med barn i byen. Foreldreskap, plass og identitet.”

Dei siste åra har det vorte meir populært å busetje seg sentrumsnært i byar. Mange flyttar ut av bykjernen når dei vert foreldre, men å bu med barn i sentrum har vorte eit legitimt val også blant menneske med ressursar til å velje kor dei vil bu. Avhandlinga undersøkjer refleksjonane til det mindretalet av foreldre som let barna vekse opp i sentrumskjernen av ein by, i dette tilfelle Bergen. Tema er korleis foreldre organiserer barndom i forhold til tid, rom og sosiale relasjonar knytt til heim og nabolag og korleis dei skjermar og eksponerer barna for ulike sider ved bylivet. Målet har vore å analysere korleis foreldra knyt band mellom barndom, plass og identitet. Mangfald er eit viktig element i skapinga av byen som ein attraktiv og moralsk god plass for barndom. Uttrykket bygda i byen viser til eit ideal om å gi barna ein trygg oppvekst med ei lokal og tett tilknyting til ein plass, samtidig som dei får utfordringar og kompetanse gjennom å hanskast med mangfaldet i byen. Prosjektet er eit bidrag til offentleg refleksjon og debatt om foreldreskap, plassar å bu på og ideal for forming av nye borgarar.

Personalia:
Hilde Danielsen er fødd og oppvaksen i Odda, busett i Bergen. Ho tok cand. philol grada ved Universitetet i Bergen i 1998. Ho har arbeidd ved Norsk Vasskraft- og industristadmuseum og arbeider no som forskar på Rokkansenteret (Stein Rokkans senter for flerfaglig samfunnsforskning)

Tid og stad for disputasen:
09.06.2006, kl. 10:15, aud. B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9.

Kontaktpersonar:
Hilde Danielsen tlf. 55 58 89 27 / 55 56 05 65 , epost: Hilde.Danielsen rokkan.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg her: http://hdl.handle.net/1956/1184

For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side