Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu - mikroorganismar i havbotnskorpa

Jørn Einen   

Cand.scient. Jørn Einen disputerar fredag 1. september for dr.scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Microorganisms in cold seafloor basalts”

Studien handlar om bakteriar som lever i nydanna havbotnskorpe ved dei arktiske midthavsryggane nord for Jan Mayen. Havbotnskorpa vert danna når lava fløymer ut ved midthavsryggane. Når lavaen møter det kalde sjøvatnet storknar han så snøgt at eit ytre lag av glas vert danna på overflata. Sentrale spørsmål i doktorgradsarbeidet har vore å finne ut kor mange bakteriar som veks i slik basaltisk glas, og korleis desse bakteriane verkar inn på omdanninga av glaset. Sidan dette miljøet er lite studert, har ein òg vore på utkikk etter ukjende bakteriar.

Arbeidet i denne avhandlinga har vist at basaltisk glas er kolonisert av ca ein million bakteriar per gram. Bakteriane spelar ei viktig rolle i omdanninga av basaltisk glas ved at dei nyttar glaset som næring, eller ved at dei produserer avfallstoff som sakte løysar opp glaset. Doktorgradsarbeidet har vist at den sistnemnde prosessen sannsynlegvis er den viktigaste. Avhandlinga skildrar òg karakteriseringa av ein hittil ukjend bakterie. Denne bakterien, Flaviramulus basaltis, er godt tilpassa miljøet ved dei arktiske ryggane, og kan vekse ved temperaturar ned mot -2 grader celcius.

Personalia:
Jørn Einen vart fødd i 1975 og vaks opp på Sotra utanfor Bergen. Han tok cand.scient graden i mikrobiologi ved Institutt for mikrobiologi ved Universitetet i Bergen i 2001. Doktorgradsarbeidet vart utført ved Institutt for biologi i nært samarbeid med Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesninga:
28.08.2006, kl. 13:15. Oppgitt emne: ”Mikroorganismer som modellsystem innen astrobiologi. Krav, muligheter og begrensninger”
Sted: Aud. 4 Realfagsbygget

Tid og stad for disputasen:
01.09.2006, kl. 10:15, Aud. 101. Jahnebakken 5

Kontaktpersonar:
Jørn Einen, tlf. 55 58 81 87, epost: jorn.einen@bio.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side