Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Fleksibel og effektiv reservoarsimulering

Jarle Haukås   

Jarle Haukås disputerer fredag 7. april 2006 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Compositional Reservoir Simulation With Emphasis on the IMPSAT Formulation”

Avhandlinga omhandlar ein metode for fleksibel og effektiv utrekning av korleis olje, gass og vatn strøymer i eit oljereservoar. Strøyminga vert skildra ved hjelp av matematiske likningar, og ved å løyse likningane på ei datamaskin bestemmer ein trykk, volum og samansetnad for olje, gass og vatn i reservoaret framover i tid. Metoden er fleksibel fordi han tillet at eigenskapane til olje og gass vert skildra ved hjelp av eit vilkårleg antal kjemiske komponentar (komposisjonell modell), medan den tradisjonelle tilnærminga er å bruke berre to komponentar (svart olje-modell). Reknetida aukar med antal komponentar, men ved å bestemme trykk og volum på ein måte som liknar den tradisjonelle svart olje-tilnærminga, og forenkle utrekninga av samansetnaden, kan reknetida for den komposisjonelle modellen reduserast. Tilnærminga vert kalla ei IMPSAT-formulering.

Avhandlinga fokuserer på matematikken bak IMPSAT-formuleringa, inkludert tolking og praktisk bruk. Eit sentralt bidrag er eit nytt kriterium for kor langt fram i tid ein kan rekne seg om gongen utan at resultata vert upålitelege.

Ein komposisjonell modell er naudsynt for reservoar der samansetnaden varierer mykje, noko som er tilfelle for ein del reservoar i Nordsjøen. Reduksjon av reknetida for ein komposisjonell modell er difor av stor verdi for oljeindustrien. I tillegg gjev metoden grunnlag for at ein effektiv komposisjonell modell og den tradisjonelle svart olje-modellen kan inkluderast i eitt og same dataprogram. Dette inneber reduserte kostnader til utvikling og vedlikehald av programvare.

Personalia:
Jarle Haukås er fødd i 1978 og kjem frå Radøy nord for Bergen. Han fekk graden cand. scient. i anvend matematikk ved Universitetet i Bergen i 2003 og vart same år tilsett som PhD-stipendiat ved Matematisk Institutt, Universitetet i Bergen, med arbeidsstad ved Senter for Integrert Petroleumsforsking. Arbeidet med avhandlinga har vore finansiert gjennom ein samarbeidsavtale mellom Norsk Hydro, Universitetet i Bergen og Senter for Integrert Petroleumsforsking.

Tidspunkt og sted for disputasen:
07.04.2006, kl. 13:15, Matematisk institutt, Auditorium Pi, Godskes hus, Johs. Brunsgt. 12

Kontaktpersoner:
Jarle Haukås, tlf. 55 58 36 74, epost: Jarle.Haukas@mi.uib.no
Formidlingsavdelingen v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Det matematisk-naturvitenskapelige fakultetsbibliotek. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig her: http://hdl.handle.net/1956/1782

For kjøp/bestilling av avhandlingen kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side