Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2006

NY DOKTORGRAD

Trolldom og sjelsførestellingar i eldre tid

   

Eldar Heide disputerer fredag 1. september for dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Gand, seid og åndevind”

I Trøndelag og Nord-Noreg er det mange i dag som kjenner ganding som ei form for trolldom. Heide si avhandling er om forløparen for den trolldomsforma. I eldre tid var det ikkje snakk om ganding eller å gande, altså ei handling, men om ein gand som kunne sendast ut. Det tydde ikkje ’trolldom’, men hadde ein funksjon i visse trolldomsformer. Ordet og fenomenet gand er nemnt mange gonger i norrøne kjelder og kjeldene til samisk religion, og har ein viktig plass i seinare folketru. Men biletet faglitteraturen gjev av gand er både sprikande, forvirrande og motseiingsfullt. Det er ikkje så rart, for i kjeldene kan gand vera alt frå vind, kvalme, ånder, trolldomsfluger og trolldomsprosjektil utsende frå ein trolldomskunnig, til valkyrje, ulv, penis og grovt snøre. Målet med Heide si avhandling er å forstå betre kva gand var, både frå opphavet og i mellomalderen, i samisk religion og i seinare folketradisjon.

Det er brei semje om at den aller eldste tydinga av gand (den etymologiske) kan rekonstruerast som ’stav’ eller ’stav til å støyte med’. Samstundes har dei fleste granskarane lagt vekt på at gand i mellomalderkjeldene fyrst og fremst blir brukt om sjela eller hjelpeåndene som ein trolldomskunnig sender ut i ymse ærend, for å skaffe opplysningar eller gjera skade. Heide sluttar seg til begge standpunkta. Spørsmålet er korleis sambandet mellom desse tydingane og med resten av tydingane kan vera. Heide lanserer eit system av forklaringar som plasserer alle formene av gand i eldre og nyare tid i samband med kvarandre. Utgangspunktet er at ideen ånd/sjel er avleidd av pusten (”ånd”/”ande” er både ’pust’ og ’ånd’, og slik er det i mange språk). Derfor er ånder sin natur å fara ut og inn luftvegane, og i eigenskap av luft i rørsle er dei vind. Dermed kan gandånder vera vind, og som trolldomsprosjektil kan dei forårsake kvalme når dei fer ned halsen på offeret som vind eller i skapnad av trolldomsfluger kalla gandfluger. Samtidig ser det ut til at slik åndeinntrenging kunne oppfattast seksuelt (ein variant er inntrenging ”bakvegen” på menn). Det kan forklare at gand både tyder ’(utsend) ånd’, ’penis’ og ’stav til å støyte med’, og det kan kaste lys over at denne typen trolldom vart forbunden med ukarslegheit og perversjon.

Åndevind kan òg forklare gand i samband med valkyrjer, fordi valkyrjene fer fram som ein åndestorm over himmelen, på liknande vis som Oskoreia (”Åsgårdsreien”), som i Nordland vart kalla Gandferda. Også gand-tydingar som ’grovt snøre’ o.l. set Heide i samband med gand som åndevind. Det finst klåre døme på at trolldomsvind kunne spinnast og at trolldomskunnige kunne sende ånda si i veg som eit tau eller snøre, til dels som kvervelvind, altså eit ”snøre av vind”. Dette knyter Heide til den gammalnordiske trolldomsforma seid, for det ser ut til at ånder utsende i seid kunne kallast gandar. Heide lanserer ein ny teori om seid: Ordet tyder opphavleg ’tråd’, og seid gjekk ut på å spinne åndetrådar som ein kunne dra til seg folk og ressursar med eller som representerte livstråden / lagnaden til den som skulle spåast. Ein viss type metallstavar funne i kvinnegraver frå vikingtida er truleg reiskap til slik rituell spinning.

Personalia:
Magister Eldar Heide er fødd i 1966 i USA og er oppvaksen på Ås, i Uganda og i Tromsø. Han tok magistergraden i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo i 1998. Frå da var han sekretær i Statens namnekonsulentar for norske stadnamn i Nord-Noreg i Tromsø, til han tok til som NFR-stipendiat ved Universitetet i Bergen i 2002. No er han fyrstelektor og vikar for professor Else Mundal ved UiB og underviser i norrøn filologi.

Tid og stad for prøveforelesninga:
31.08.2006, kl. 17:15. Oppgitt emne: ”Bakgrunnen for og utbreiinga av førestillinga om oskoreia (åsgårdsreien)”
Sted: Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Tid og stad for disputasen:
01.09.2006, kl. 10:15, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Kontaktpersonar:
Eldar Heide, tlf. 55 58 24 87, epost: eldar.heide@nor.uib.no
Heimeside: https://www.uib.noPeople/hnoeh/
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.