Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Bioaktive stoff frå marine mikroorganismar

Lars Herfindal  

Cand.scient. Lars Herfindal disputerer torsdag 3. august for graden dr.scient. ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Apoptosis modulating and anti-thrombotic activities from marine micro-organisms”

Herfindal si avhandling omhandlar nye bioaktive stoff frå marine mikroalger og cyanobakterier. Fotosyntetiske mikroorganismar er den største gruppa av primærprodusentar på jorda, men lite er kjend om kva kjemiske stoff dei kan laga samanlikna med vår kunnskap om landlevande planter. Dei mest kjende toksina frå mikroorganismar er isolerte frå planktoniske artar som blømer, medan Herfindal har undersøkt innhaldet av bioaktive stoff i artar samla frå ymse substrat på sjøbotnen eller i fjøresteinane. Han fann at ein høg andel av botnlevande artar inneheldt bioaktive stoff som starta programmert celledød (apoptose) eller endra blodplatefunksjon i humane celler. Målet med å leita etter ukjende bioaktive stoff er å finna kandidatar som kan nyttast i anten medisin eller som cellebiologiske reagens. Ved å leita i biotopar som ikkje er utforska aukar sjansen for å finna nye stoff.

Ut frå innleiande studiar har Herfindal isolert og karakterisert to nye stoff. Desse påverker særskilte mekanismar i cellene slik at deira evne til å starta apoptose vert endra. Det eine stoffet hemmar transport av gallesalt og toksin inn i leverceller, ein type aktivitet som ikkje er skildra før i cyanobakterier. Det andre initierer apoptose svært raskt, ved å påverkja cytoskjelettet og ved å frisetja signalstoff for celledød frå mitokondriane. Det er òg ein sterk hemmar av blodplatefunksjon, og kan reversera blodplateaktivering. Dette stoffet er frå ei gruppe mikroorganismar som ikkje er kjend for å produsera toksin. Felles for stoffa er at dei vert produsert av artar som veks på botnen i tidevassona.

Forskinga til Herfindal er dels grunnforsking og dels anvendt forsking, der eit langsiktig mål er å finna stoff som kan nyttast innan klinisk medisin eller medisinsk forsking.

Personalia:
Lars Herfindal er fødd i 1973 i Kirkenes, og vaks opp på Voss. Han tok hovudfag i miljøfysiologi ved Zoologisk institutt, Universitetet i Bergen i 1999, og vart tilsett ved dåverande institutt for Anatomi og Cellebiologi like etter. Herfindal vil fortsetta si forsking ved institutt for Biomedisin og vera knytt til eit prosjekt der ein leiter etter nye medisinar frå havet, og fokuserer på medikament mot leukemi.

Tid og stad for disputasen:
03.08.2006, kl. 10:00, auditorium 1, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91

Kontaktpersonar:
Lars Herfindal, 55 58 63 81 / 55 20 37 67 , epost: lars.herfindal@biomed.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side