Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Frå ’fjortis’ til ung vaksen på Os – endrar talemålet seg?

Reidun Hernes   

Reidunn Hernes disputerer 20.oktober for dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Talemål i endring? Ein longitudinell studie av talemålsutvikling og språkleg røyndomsoppfatning hjå ungdomar i Os.”

Avhandlinga undersøkjer talemålsutviklinga hjå 17 ungdomar på Os frå dei er 15 år gamle ungdomsskuleelevar og til dei fyller 20 år. Os kommune ligg tre mil sør for Bergen, og har frå 1950 til i dag tredobla folketalet. Flytte- og pendlemønstra har ført til mykje dialektkontakt i kommunen. I undersøkinga blir dei individuelle endringsmønstra i ungdomsgruppa sett i lys av dette bakgrunnsbiletet. Undersøkinga kombinerer kvantitative og kvalitative metodar.

Dei observerte talemålsendringane finst stort sett i bøyingssystem og ordval. Graden av endring varierer mykje innafor gruppa: 9 av dei 17 informantane aukar bruken av språkformer som er ikkje-lokale, dei andre er anten språkleg stabile eller aukar bruken av lokale språkformer. Det ser ikkje ut til å vera samanheng mellom talemålsutvikling og graden av lokal tilknyting hjå informantane, men dei som har som klart uttalt strategi å ”halda på målet” er meir stabile i talemålet enn dei andre. Det viser seg også at informantar med to foreldre frå Os er meir stabile språkleg enn dei som har blanda foreldrebakgrunn. Språknormene i informantgruppa er liberale innafor visse grenser – informantar med nokså ulikt talemål oppgjev at måten dei snakkar på er ”vanleg” og akseptert.

Eit mål for undersøkinga er å sjå dei individuelle endringsmønstra i lys av dei særtrekka som kjenneteiknar språksamfunnet dei har gått føre seg i. Os er eit samfunn prega av mobilitet og dialektkontakt, men samstundes ser det ut til å vera eit nokså sterkt medvit rundt verdien av lokal identitet og kultur, noko som kan verka dempande på graden av dialektendring.

Det viser seg at dei ikkje-lokale språkformene informantane tek opp i all hovudsak er former som også finst i bergensk talemål. Det er likevel ikkje alle bergensformer som får innpass – språkformer som er særeigne for det bergenske talemålet er sjeldnare enn språkformer som òg finst i norsk standardtalemål av typen ’talt bokmål’.

Personalia:
Reidunn Hernes er fødd og oppvaksen på Os i Hordaland. Ho er utdanna cand.philol. ved Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen, og har vore doktorgradstipendiat same stad. Ho har tidlegare arbeidd som høgskolelektor ved Høgskolen i Nesna i Nordland, og er no tilsett i eit vikariat som høgskolelektor i norsk på Høgskolen i Bergen, Avdeling for lærarutdanning.

Tid og stad for disputasen:
20.10.2006, kl. 09:30, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Kontaktpersonar:
Reidunn Hernes, tlf. 55 58 58 12 / 481 52 538, epost: reidunn.hernes@nor.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avhandlingen finnes elektronisk her: http://hdl.handle.net/1956/1927

For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side