Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Nytt særnorsk alfavirus hjå laks

Kjartan Hodneland   

Kjartan Hodneland disputerer onsdag 13. desember for dr. scient graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Salmonid alphavirus (SAV) - Genetic characterization of a new subtype, SAV3, and implementation of a novel diagnostic method.”

Pankreassjuke (PD) har vore kjent i oppdrett av laksefisk i Noreg sidan tidleg på 1980-talet. Antall PD-utbrot har sidan den gong vore stigande, og særleg i dei siste åra har PD gjeve store tap for lakseoppdrettsnæringa på Vestlandet. Pankreassjuke skuldast infeksjonar med eit virus, Salmonid alphavirus (SAV), som frå tidlegare er kjent frå laksefisk i Frankrike og på dei Britiske øyane. Ein har lenge trudd at PD-virus i Noreg er identisk med PD-isolat frå andre land. Avhandlinga viser derimot at viruset som er årsak til PD i Noreg likevel ikkje er likt det originale PD-viruset som er beskrive frå Irland. Samanlikningar av arvestoffet med andre SAV isolat frå Europa viser at det norske viruset representerer ein heilt ny type av SAV. Alle dei norske virusisolata som til no er undersøkte tilhøyrer same variant, og det ser ut som om denne nye typen av SAV kun fins i Noreg. Utbreiinga til viruset var tidlegare avgrensa til dei to vestnorske fylka Hordaland og Sogn & Fjordane, men stadig fleire nye utbrot av PD vert diagnostisert både i Rogaland og Møre & Romsdal. Samanlikningar av virusa (arvestoff) frå dei nye utbrota av PD viser derimot at desse truleg har stammar frå kjerneområda til viruset i Hordaland/Sogn&Fjordane. Denne kunnskapen representerer eit viktig bidrag til framtidig forvalting av pankreassjuke i norsk oppdrett, og gjev grunnlag for vidare arbeid på vaksineutvikling, transmisjonsmekanismar og evolusjon av SAV.

Diagnostikk av PD har fram til nyleg vore basert på observasjon av kliniske teikn og histopatologiske undersøkjingar. PD har mange likskapar med andre sjukdomar, og i enkelte tilfelle der ein finn PD i ei atypisk form kan det vere vanskeleg å stille sikker diagnose. Som ein del av dr. gradsarbeidet er det utvikla ein real-time RT-PCR basert på spesifikk amplifisering og detektering av arvestoffet til viruset. Ved hjelp av denne nyutvikla metoden kan ein no raskt (<5 timar), og med høg spesifisitet og sensitivitet, påvise variantar av SAV som fins i ei fiskeprøve.

Personalia:
Kjartan Hodneland er fødd i 1965 og er oppvaksen i Lindås kommune. Han avla cand. scient eksamen ved Institutt for Fiskeri- og Marinbiologi ved Universitetet i Bergen i 1993, og har sidan arbeidd som forskar med særområde fiskesjukdomar. Doktorarbeidet er utført ved Institutt for Biologi.

Tid og stad for disputasen:
13.12.2006, kl. 10:15, Stort Auditorium, rom 2144, Datablokken, Høyteknologisenteret, Thormøhlensgt. 55

Kontaktpersonar:
Kjartan.Hodneland, epost: Kjartan.Hodneland@bio.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek eller kan lastes ned fra BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side