Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Korleis kjem meininga til bileta i ei bok?

Vilborg Stubseid Hovet   
Vilborg Stubseid Hovet disputerer 13. oktober for dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Når ord blir bilete og bilete tekst. Ei undersøkjing av korleis meining blir skapt i Frøydis Haavardsholms illustrasjonskunst med særleg vekt på Hans-Henrik Holm: Jonsok-natt.”

Avhandlinga tar sikte på å rehabilitere kunstnaren Frøydis Haavardsholm (1896-1984) ved å fokusere på bokkunstnaren. Studien plasserer Frøydis Haavardsholms illustrasjonar i ein norsk boktradisjon med mellomaldermanuskript og praktutgåva av Snorre 1899, og konstaterer både ei europeisk orientering og ei utforskande og nyskapande holdning til emnet illustrering. Doktoranden viser at bokkunstnaren Frøydis Haavardsholm utnyttar og utviklar eit visuelt språk som har fleire trekk felles med verbalspråket enn det vi vanlegvis ventar å finne i bilete.

I tillegg til diktsyklusen Jonsok-natt av Hans-Henrik Holm (1933) tar doktoranden for seg dei liturgiske bøkene for Den norske kyrkja (1918-1926) og representative illustrasjonar i Julehelg, juleheftet til Den norske forfatterforening. Avhandlinga konkluderer med at vurderinga av det litterære verket Jonsok-natt har vore for ukritisk styrt av forfattarintensjonen. For illustrasjonane førde dette til ei einsidig fokusering på det nasjonale i motiva, og meir originale sider ved Frøydis Haaavardsholms kunst blei oversedde.

Dette er den første norske doktorgraden om biletbøker og illustrerte bøker.

Personalia:
Vilborg Stubseid Hovet er frå Austad i Setesdal. Ho tok cand.philol.-eksamen med hovudfag i norsk ved Universitetet i Oslo 1969. Ho har vore tilsett som programsekretær i NRK og som lektor i vidaregåande skole. Frå 1997 har ho arbeidd som høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Tid og stad for prøveforelesninga:
12.10.2006, kl. 16:30. Oppgitt emne: ”Tilhøvet mellom fri og anvend kunst i første halvdelen av det 20. hundreåret.”
Sted: Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Tid og stad for disputasen:
13.10.2006, kl. 09:30, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Kontaktpersonar:
Cand. philol. Vilborg S. Hovet, tlf.: 57 67 60 39 / 908 73 738, epost: vilborg.hovet@hisf.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side