Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2006

NY DOKTORGRAD

Eincella blodparasittar (Trypanosoma) hjå marine fisk

Egil Karlbakk   
Cand. Scient. Egil Karlsbakk disputerar fredag 13. januar for dr. scient. graden ved Universitetet i Bergen med si avhandling:

“Aspects of the morphology and ecology of some North Atlantic marine fish trypanosomes”

Trypanosomar er eincella parasittar som sym i blodplasma hjå virveldyr. Sovesjuke, som førekjem hjå folk nokre stadar i Afrika, vert årsaka av ein av dei meir kjende artane, Trypanosoma brucei.
Avhandlinga tek føre seg Trypanosoma infeksjonar hjå marine fisk i Noreg, med særleg vekt på Vestlandet. To artar vert påviste her i landet, Trypanosoma murmanensis i Finnmark og Trypanosoma pleuronectidium på Vestlandet. To slag blodsugande fiskeiglar smittar desse to respektive trypanosomane frå fisk til fisk. Mykje av arbeidet i avhandlinga dreiar seg om karakterisering av vekst og utvikling hjå desse parasittane, for å letta framtidig identifikasjon. Også molekylære verkty for påvisning vert beskrivne. På Vestlandet gjev undersøkingane grunn til å tru at både iglane og parasitten ikkje er vanlege i grunnare vatn, påvisningar er helst frå meir enn 25 m djup. Der vert òg infeksjonar mest funne i botnlevande fisk, ymse flyndrer og torskefisk som hyse, torsk, lange og brosme er ofte infiserte. Arbeidet aukar òg kunnskapen om dei heller dårleg kjende marine fiskeiglane i våre farvatn, i alt er 12 artar funne og truleg kan ein finna 10 slag til langs kysten.

Det skal nemnast at ein reknar desse parasittslaga som ufarlege for folk.

Personalia:
Egil Karlsbakk er fødd 1964 og oppvaksen i Mauseidvåg på Sula, Sunnmøre. Han tok hovudfag i Parasittologi ved Zoologisk Institutt ved Universitetet i Bergen i 1993, og har sidan arbeidd som forskar med særområde fiskesjukdommar. Doktorarbeidet er utført ved Institutt for biologi.

Tid og stad for disputasen:
13.01.2006, kl. 10:15, Stort Auditorium, Høyteknologisenteret i Bergen (HIB), Thormøhlensgate 55

Kontaktpersonar:
Egil Karlsbakk, tlf. 55 58 46 27, epost: egil.karlsbakk@bio.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.