Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Virus som lagar sår og deretter gøymer seg i nervecellene

Mabula Joseph Kasubi   

Mabula Joseph Kasubi disputerer fredag den 22. desember 2006 for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Detection and molecular characterization of herpes simplex virus from Tanzania and Norway”

Virus er så små og usjølvstendige organismar at dei ikkje kan formeira seg på eiga hand. Dei må inn i levande celler og nytta utstyret der. Cellene døyr, og kroppen får symptom på ein akutt infeksjon. Etterpå er det nokre virus som legg seg i dvale inne i nervecellene, utan å gjera nokon skade. Her vert virus liggjande så lenge personen lever. Men stundom vaknar det frå svevnen og lagar nye, akutte infeksjonar.

Herpes simplex virus høyrer til dei som tek bu inne i nervecellene. Type 1 av dette viruset finst hjå dei fleste vaksne. Det smittar ved nær kontakt og infiserer helst ansiktsregionen. Type 2 virus, derimot, smittar ved seksuell kontakt og held seg i genital regionen. I utviklingsland er det ein urovekkjande auke av genital herpes. Det er ein sikker samanheng mellom denne infeksjonen og HIV.

Sjølv om virus gøymer seg , er det spor i kroppen – som antistoff i blodet – etter den akutte infeksjonen er borte. Antistoffa er retta mot små regionar på større virusprotein. Kommersielle, diagnostiske metodar til å skilja mellom antistoff mot dei to typane virus er svært dyre, og lite eigna til bruk i utviklingsland.

I avhandlinga er ein ny diagnostisk metode utvikla vidare. Små bitar av protein, identiske med målgruppene for antistoff, vart syntetiserte i laboratoriet. Desse bitane er billege å laga og gjev sikre diagnosar. Ved hjelp av dei nye metodane har gjort det uventa funnet at i Tanzania startar infeksjon med type 2, ” det genitale” viruset, tidleg i barneåra. Dette tyder på at viruset også kan smitta på annan måte enn ved seksuell kontakt.

Ved den akutte infeksjonen kan DNA frå viruspartikkelen påvisast i prøvar frå sår. Dei aller fleste genitale sår i afrikanske land kom tidlegare av syfilis eller såkalla mjuk sjanker. Analyse av afrikansk sårmateriale synte at i dag er herpes virus type 2 årsak til meir enn 80 % av såra. Dette er urovekkjande, spesielt med tanke på samanhengen med HIV. Genetiske studier av virus frå Noreg og Tanzania synte at nokre virusstammer er like i dei to landa, men at kvart land også har sine spesielle stammer. Resultata frå undersøkingane er publiserte i internasjonale tidsskrift.

Personalia:
Mabula Jospeh Kasubi er født i Tanzania i 1968. Han fekk utdaning som lege ved Universitetet i Dar es Salaam og tok seinare ein mastergrad i mikrobiologi. Arbeidet for denne graden vart gjort både i Dar es Salaam og i Bergen. Doktogradsarbeidet vart utført ved Universitetet i Bergen, med arbeidsplass ved Senter for virologisk forsking og i samarbeid med Senter for internasjonal helse. Mabula Jospeh Kasubi er nå sjef for Avdeling for mikrobiologi og immunologi ved Muhimbili National Hospital i Dar es Salaam.

Tid og stad for prøveforelesninga:
21.12.2006, kl. 14:15. Oppgitt emne: "Immunodiagnosis of infectious diseases with syntethetic peptides. General perspectives and relevans for developing countries"
Sted: Auditoriet, Armauer Hansens hus, Haukeland Universitetssjukehus

Tid og stad for disputasen:
22.12.2006, kl. 09:15, Auditoriet, Armauer Hansens hus, Haukeland Universitetssjukehus

Kontaktpersonar:
Mabula Jospeh Kasubi, mkasubi@yahoo.com
Lars Haarr, lars.haarr@gades.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det medisinske fakultetsbibliotek. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig her: http://hdl.handle.net/1956/2063
For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side