Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2006

NY DOKTORGRAD

IKT i den norske ungdomskulen

Rune Johan Krumsvik   
Cand. scient. Rune Johan Krumsvik disputerer 2. mars for Dr. philos. graden ved Universitetet i Bergen, med avhandlinga:

”ICT in the school. ICT-initiated school development in lower secondary school”.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT) influerer på dei fleste område i samfunnet vårt og gir både moglegheiter, utfordringar og dilemma. Særskilt har framveksten av Internettet og breibandsteknologien ført til endringar innan ei rekkje samfunnsområde. Trass i denne digitale revolusjonen syner ei rekkje forskingsstudiar både nasjonalt og internasjonalt at skulen har hatt, og har, vanskar med å integrere teknologien i si verksemd på ein fornuftig måte. Difor har det vore ein gjennomgåande tendens at IKT i skulen har hatt ei sterkare retorisk forankring, enn i praksis.

Doktorgradsarbeidet er knytt til det nasjonale IKT-prosjektet PILOT og byggjer på fire år med aksjonsforsking hjå ein ungdomsskule som var tidleg ute med å utforske dei pedagogiske moglegheitene Internettet kunne gi. Sjølv om skulen i dette arbeidet har møtt ei rekkje vanskar på ulike plan, har dei etter 5-6 år klart å veve teknologien inn i si pedagogiske verksemd på ein heilskapleg måte. Dette har vorte spegla av både i undervisingsformer, organisering av skulekvardagen, arbeidsmåtar og vurderingsformer.

Ein hovudkonklusjon i avhandlinga er at når skuleleiinga er endringsvillige og ser verdien av IKT, er læraren sjølve nøkkelpersonen for ei vellukka integrering av IKT i skulen. Dette krev samstundes at læraren tileignar seg naudsynt digital kompetanse for å kunne handtere si nye lærarrolla i dette digitale, pedagogiske terrenget.

Gjennom tre publiserte, vitskaplege artiklar syner avhandlinga korleis slik IKT-initiert skuleutvikling grip inn i skulen si organisatoriske og pedagogiske verksemd på ulike nivå. Skulen sine implementeringsstrategiar og lærarane sitt lokale læreplansarbeid med IKT har sterkast fokus, men også elevane sin IKT-bruk i skulekvardagen blir det retta søkjelys mot. Eit lengre samandrag problematiserer og drøftar både teorifeltet på området, forskingsmetodene som er valt, samt dei empiriske analysene av datamaterialet som er innhenta.

Personalia:
Rune Johan Krumsvik (f. 1966) er oppvaksen i Volda i Møre og Romsdal. Han har 3-årig faglærarutdanning frå Elverum Lærerhøgskole, mellomfag i pedagogikk frå Universitetet i Trondheim og hovudfag i idrett frå Norges Idrettshøgskole. Han har tidlegare arbeidd tre år i den vidaregåande skulen og ti år i lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. I perioda 2001-2004 har han vore doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Volda. Krumsvik arbeider no som førsteamanuensis i pedagogikk ved Institutt for Utdanning & Helse, UiB.

Tidspunkt og stad for prøveforelesinga:
01.03.2006. 16:15. Oppgitt emne: "Diskutér eksempler på elevers løpende refleksjon og argumentasjon i læring som digital kokonstruksjon på Godøy skole"
Stad: Auditorium 130, Christiesgt. 12, 1. etg.

Tid og stad for disputasen:
02.03.2006, kl. 10:15, Auditoriet, Christiesgt. 12, 1. etg

Kontaktpersonar:
Rune J. Krumsvik, tlf. 55 58 48 07, epost: Rune.Krumsvik@iuh.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det psykologiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.