Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2006

NY DOKTORGRAD

Nidaros er bynamnet

Roger Lockertsen   

Roger Lockertsen disputerer fredag 8. september for dr.philos-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Namnet på byen Trondheim. Ei språkhistorisk og faghistorisk tilnærming.”

Utgangspunktet er den filologiske striden om bynamnet skulle vere Trondhjem, Nidaros eller Trondheim på 1920-talet. Professor Didrik. A. Seip meinte Trondhjem var eit norsk bynamn og Nidaros bestemt av paven i 1172 mens professor Gustav Indrebø meinte Trondheim var områdenamn og Nidaros eldste bynamn.

Gjennom gransking av dei eldste kjeldene med norske bynamn, som i dag finst i det pavelege arkiv i Roma, Firenze og Leiden, dokumenterer Lockertsen at Nidaros-namnet er bynamn frå 1120-talet. Noko paveleg namneskifte i 1172 skjedde ikkje. Trass i at forskarar den dag i dag følgjer Seip sine namneteoriar, er det altså Nidaros som er bynamnet i dei eldste latinske kjeldene. Det same gjeld dei noko yngre norrøne kjeldene som Ågrip, Morkinskinna og Snorre.

Personalia:
Roger Lockertsen er fødd og oppvaksen i Tromsø og er no førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger.

Tid og stad for prøveforelesinga:
07.09.06, kl. 16:30, Oppgitt emne: "Om nordiske språkhistoriske fremstellinger etter 1945. Ei pedagogisk og språkteoretisk drøfting"
07.09.06, kl. 17:30, Sjølvvalt emne: "Historisk pragmatikk i lys av tekstar frå Dagfinn Zwilgmeyers utkast til salmebok 1944 (nazi-salmeboka)"
Stad: Auditorium B, Sydnes-haugen skole, Sydnesplassen 9, Bergen

Tid og stad for disputasen:
08.09.2006, kl. 10:15, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplassen 9, Bergen

Kontaktpersonar:
Roger Lockertsen, tlf. 51 83 14 54 / 916 88 539 , epost: roger.lockertsen@uis.no
Formidlingsavdelingen v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.