Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2006

NY DOKTORGRAD

Å manipulere materie med lys

Sølve Selstø   

Sølve Selstø disputerar fredag 29. september for PhD.-graden ved universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Contributions to the Theory of Atoms and Molecules in Strong Electromagnetic Fields".

I fysikken tenkjer vi oss ofte at lys er elektromagnetiske felt i røyrsle. Med slike felt er vi i stand til å endre og manipulere elektrona og atomkjernene som materien er bygd opp av. Laser-lys er ein spesiell type lys som består av berre ein farge - til skilnad frå "vanleg" lys, som inneheld mange fargar. Laserteknologi har vist seg særs nyttig både innan forsking og medisin så vel som i dagleglivet.

Ein er no i stand til å lage svært intense laserpulsar som varer ekstremt kort tid - ned mot få titals attosekund (atto tilsvarar ein milliarddel av ein milliarddel). Dette gjer det mogeleg å manipulere atom og molekyl på måtar ein ikkje har vore i stand til tidlegare, og såleis forstå meir om korleis materie og lys vekselverkar. Slik forsking føregår både teoretisk og eksperimentelt. Denne nye teknologien kan tenkjast å få konsekvensar innan ei rekkje ulike felt som involverar prosessar på nano- eller mikroskala, som til dømes nanofabrikering, kvanteinformasjon og fusjon av lette atomkjerner. Med kvanteinformasjon meinar vi lagring og handsaming av informasjon på atomært nivå.

I avhandlinga vert ioniseringsprosessar av atom og molekyl i slike intense, korte laserpulsar studert teoretisk. Både analytiske og numeriske kvantemekaniske metodar er nytta for å skildre desse dynamiske systema. Spesifikt har ein funne at geometriske faktorar, som til dømes orienteringa av det elektriske feltet i høve til det atomære/ molekylære systemet, er avgjerande for om systemet vert ionisert eller ikkje. Vidare har det vorte forska på effekten av det fulle elektromagnetiske feltet i strålinga samanlikna med effekten av berre det elektriske og funne at for sterke felt er også det magnetiske feltet viktig.

I avhandlinga har ein også jobba noko med manipulering av kvanteprikkar. Kvanteprikkar er små halvleiarstrukturar som på mange måtar kan sjåast på som to-dimensjonale, kunstige atom. Slike nano-strukturar kan nyttast mellom anna til medisinsk diagnostisering og handsaming av kvante-informasjon.

Personalia:
Sølve Selstø er født i 1976 og vaks opp på Halsnøy i Sunnhordland. Han har hovudfag ved Universitetet i Bergen frå 2000 og begynte som doktorgradsstipendiat ved Institutt for fysikk og teknologi, UiB, i mai 2003. Prosjektet har vore finansiert av Noregs forskingsråd og UiB.

Tid og stad for disputasen:
29.09.2006, kl. 13:15, Aud. 2, Realfagbygget, Allégt. 41

Kontaktpersonar:
Sølve Selstø, 55 58 27 32, epost: solve.selsto@gmail.com
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig her: http://hdl.handle.net/1956/2012
For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.