Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Hydrat -is som kan brenne

Atle Svandal   
Atle Svandal disputerer onsdag 22. februar for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Modeling hydrate phase transitions using mean-field approaches"

Blandingar av gass og vatn kan under spesielle forhold av trykk og temperatur danne eit isliknande stoff som vert kalla hydrat. Stoffet består av ein krystallstruktur der vassmolekyl dannar små hulrom med plass til eit gassmolekyl. Mange forskjellige gassar kan saman med vatn danne hydrat, men to spesielt interessante gassar er CO2 og metan(naturgass).

Historisk har hydrat vore relatert til problemer med plugging av utstyr og gassrøyr for olje- og gassindustrien. Men i dei siste åra har fokuset skifta meir over til kva moglegheiter hydrat representerer. Det finns store mengder metan på hydratform i reservoar og på havbotnen. Ein reknar med at dette tilsaman utgjer meir enn dobbelt så mykje energi som alle andre kjende førekomstar av fossilt brensel, medrekna kol. Ved å pumpe ned CO2 gass i desse reservoara vil det teoretisk vere mogleg å utvinne metangass samstundes som ein lagrar klimagassen CO2. For at ei slik utvinning skal vere effektiv treng me finne ut meir om korleis hydrat oppfører seg under ei slik omdanning. Avhandlinga har difor vore eit studie av korleis metan- og CO2-hydrat veks og smeltar under ulike forhold. I samarbeid med ei ungarsk forskargruppe er det utvikla ein modell for danning og vekst av hydrat på micro-nivå. Datasimuleringar av denne modellen har vore ein sentral del av studiet. Resultater frå disse simuleringane viser blandt anna kor viktig transporten av gassmolekyler i væska er for veksthurtigheiten.

Personalia:
Atle Svandal er fødd i 1977 og er oppvaksen i Imsland i Rogaland. Han tok cand.scient. eksamen i fysikk ved Universitet i Bergen i 2001. Etter dette jobba han ein periode som forskar i Nera før han vart innkalla til militæret der han tenestegjorde ved Forsvarets Forskningsinstitutt på Kjeller. I februar 2003 returnerte han til Universitetet i Bergen og starta på doktorgradsarbeidet som har vore ein del av NFR-prosjektet ”Carbon dioxide storage in hydrate reservoirs”.

Tidspunkt og sted for disputasen:
22.02.2006, kl. 13:15, Auditorium 4, Realfagbygget, Allégt. 41

Kontaktpersoner:
Atle Svandal, tlf. 55 58 32 58 / 416 23 597, epost: atle.svandal@ift.uib.no
Formidlingsavdelingen v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Det matematisk-naturvitenskapelige fakultetsbibliotek. Avhandlingen finnes elektronisk tilgjengelig her: http://hdl.handle.net/1956/1118

For kjøp/bestilling av avhandlingen kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side