Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Ideologi, religion og private skular

Svein Tuastad   

Svein Tuastad disputerer 14. juni 2006 for dr.polit.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Skulen og statsmaktsspørsmålet. Stortingsdebattar 1945–2005 om religion i skulen
og om private skular i lys av normativ teori”

Avhandlinga er basert på ei forventning om at skulepolitikk kan vere eit fruktbart inntak til å studere dei ideologiske motsetnadane – det normative regimet – i norsk politikk. Dei to skulepolitiske tema religion i skulen og private skular har vore studerte ved at alle stortingsdebattar om dei to emna, og alle formuleringane i partiprogramma, er analyserte for perioden frå 1945 til 2005. Den første hovuddelen i avhandlinga er ein gjennomgang av nyare, normativ politisk teori. Denne vert i analysedelen brukt for å karakterisere standpunkta i skulepolitikken.

I motsetnad til i mange andre framstellingar av norsk politikk 1945–2005 er det når det gjeld den analyserte skulepolitikken i avhandlinga, tale om kontinuitet snarare enn brot i høve til partirepresentantanes normative orienteringar. I den samla perioden har to blokker stått mot kvarandre både i høve til religionstemaet og privatskuletemaet. Venstresida er meir likskapsorientert enn høgresida, og dessutan – meir liberal. Det er nesten påfallande likskapar, både når det gjeld analysen av religionstemaet og av privatskuletemaet, mellom slik partikonstellasjonane og argumentstypane var ved utgangen av den samla perioden samanlikna med dei første debattane like etter krigen.

På tre punkt divergerer konklusjonane i avhandlinga med fleire av dei andre framstellingane om norsk politikk i perioden. Dei ulike konklusjonane kan oppsummerast som ulike vurderingar av sosialdemokratiets rolle. Sosialdemokratiet vert av mange oppfatta først som for teknokratisk, deretter som for marknadsorientert og generelt som for lite liberalt. Men i avhandlinga er det ikkje grunnlag for slike slutningar – det er snarare tvert om. Dette kan vere ein indikasjon på at påstandane i ein del andre arbeid når det gjeld å karakterisere norsk politikk generelt – til dømes at han har vorte nyliberal - stundom har vore baserte på eit litt for overflatisk grunnlag.

Personalia:
Svein Tuastad er fødd i 1962 og voks opp på Husnes i Sunnhordland. Han tok cand.polit.-graden ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen i 1991. Han arbeider som statsvitar ved Institutt for sosialfag ved Universitetet i Stavanger. Han har ansvaret for modulen ”Political philosophy and European Welfare” ved masterstudiet Comparative European Social Studies (MACESS) i Maastricht.

Tid og stad for prøveforelesninga:
13.06.2006, kl. 15:15. Oppgitt emne: "På hvilken måter kan vi si at de teoriene Stein Rokkan formulerte om betydningen av 'kulturell standardisering' i stats- og nasjonsbyggingen historisk sett, er aktuelle i dagens demokratiske regimer og med særlig hensyn til politiske beslutninger om religion og undervisning?".
Sted: Ulrike Pihls hus, Professor Keysersgt. 1, Bergen.

Tid og stad for disputasen:
14.06.2006, kl. 10:15, Ulrike Pihls hus, Professor Keysersgt. 1, Bergen.

Kontaktpersonar:
Svein Tuastad 51834268 (a) / 51621835 (p) / 90834036 (mob.). , epost: Svein.tuastad@uis.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side