Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Politisk oppseding i norsk skule

Kjetil Børhaug   
Kjetil Børhaug disputerer 22. november for dr.philos.-graden ved Universitet i Bergen med avhandlinga:

“Oppseding til demokrati. Ein studie av politisk oppseding i norsk skule.”

Den norske skulen har lenge hatt som ei av oppgåvene sine å førebu og stimulera elevane til politisk deltaking. Skulen sitt bidrag i så måte inngår i eit samspel med mange andre påverknader på dei unge. Viktig i skulen si politiske oppseding er at den skal gi kvar ny generasjon ei grunnleggande forståing for kva politisk deltaking er i vårt politiske system og kva som gjer slik deltaking meiningsfull. Læreplanane er også tydelege på at dei demokratiske ideal og prinsipp skal leggast vekt på. Læreplanane legg opp til at desse ambisjonane skal verta realisert både gjennom undervisning og gjennom at elevane skal gjera erfaringar med demokratiske prosessar på skulen. I denne avhandlinga inngår 3 delstudiar. Undervisning om politikk og politisk deltaking er analysert i to studiar som tar for seg høvesvis ungdomsskulen (i faget samfunnskunnskap) og vidaregåande skule (i faget samfunnslære). Her er både spørreskjema, intervju og observasjon nytta som datamateriale. I den tredje delstudien er elevrådsarbeidet på ungdomstrinnet analysert på 5 ungdomsskular.

Konklusjonane er at elevrådsarbeidet er til dels omfattande og på mange måtar positivt men det er ikkje på nokon måte eit førebilete på kva demokrati er. Materialet om undervisning om politisk deltaking syner at dei demokratiske ideal og prinsipp i liten grad vert undervist om. Når det gjeld formidling om kva politisk deltaking er syner materialet ein variasjon mellom på den eine sida ein litt snever minimalistmodell og ein aktivistmodell på den andre sida. Minimalistmodellen ligg nær elitekonkurransedemokratiet og reduserer demokratiet til å røysta ved val. Aktivistmodellen inneber at fleire deltakingsformer vert vektlagt og at det vert vektlagt korleis deltaking kan påverka i fleire fasar i den politiske prosessen. I det materialet som ligg føre ligg lærarane nærast minimalistmodellen, berre eit mindretal utvidar perspektivet i retning aktivistmodellen. Kritiske perspektiv på det politiske systemet er så og sei fråverande. Det same gjeld spørsmålet om kva som gjer det meiningsfullt å delta politisk for den einskilde. Det er ut frå dette materialet grunn til å spørja om den politiske oppseding som går føre seg i norsk skule er god nok.

Personalia:
Kjetil Børhaug er fødd i Åsane i 1963. Han har hovudfag i administrasjon og organisasjonsvitskap frå UiB i 1990. Han har sidan vore tilknytt Chr. Michelsens Institutt, Høgskulen i Lillehammer og Universitetet i Bergen, men har frå 1994 vore tilsett ved Høgskulen i Bergen, avdeling for lærarutdanning.

Tid og stad for prøveforelesninga:
21.11.2007, kl. 16:15. Oppgitt emne: "Elevrådet - politisk oppdragelse i gammel og ny fasong?"
Sted: Auditorium 130, Christiesgt. 12, 1. etg

Tid og stad for disputasen:
22.11.2007, kl. 10:15, Auditorium 130, Christiesgt. 12, 1. etg

Kontaktpersonar:
Kjetil Børhaug, tlf: 55 58 58 52/92 09 34 14, epost: kbo@hib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det psykologiske fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side