Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2007

NY DOKTORGRAD

Litteratur og adopsjon

Geir Follevåg   
Geir Follevåg disputerer fredag 26. januar for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Biologosentrisme. Om litterære framstellingar av adopsjon, spesielt Kong Oidipus og Mansfield Park.”

Temaet for avhandlinga er adopsjon spesielt og familieproblematikk generelt i utvalde litterære kanoniserte verk. I den samanheng blir det lansert ein ny term, biologosentrisme, for å karakterisere tradisjonelle allmenne forståingar av familie: Den biologiske familien har primær status i høve til ikkje-biologiske familiar. Den biologiske familien er ”ekte, verkeleg, sann, trygg” medan ikkje-biologiske familiar er ”uekte, uverkelege, usanne, usikre”. Med ei rekkje døme frå litteraturhistoria, frå gamle mytar til teikneseriar om superheltar, freistar doktoranden å illustrere korleis biologosentrismen har styrt forståinga av familie også i litteraturen.

I all hovudsak blir personar som ikkje har vakse opp med biologisk familie framstelt som anten svært farlege eller svært svake individ. Doktoranden freistar å vise korleis biologosentrismen også har påverka lesinga og fortolkinga av verk som omhandlar adopsjon ved at sentrale moment i teksten som handlar om adopsjon har blitt ignorert. Biologosentrismen har hatt tyding i litteraturvitskapen ved at den biologiske familien har blitt nytta som eit paradigme for å forstå fenomen som til dømes å skrive: forfattaren ”føder” og ”unnfangar” teksten. Genre-modellen er bygt opp etter det biologiske slektskapstreet. I avhandlinga blir det gjort nærlesingar av Kong Oidipus av Sofokles og Mansfield Park av Jane Austen med spesifikt blikk på adopsjonstematikken. Kong Oidipus har tilnærma arketypisk status som døme på ei tragisk familiehistorie. Som del av det tragiske er det avgjerande at Oidipus er adoptert.

Ei filologisk tilnærming viser at adopsjonstematikken inngår i dramaets grunnleggjande strukturar. Dramaets tragiske ironi blir iverksett og konstituert av ei rekkje forvekslingar som er direkte basert på skilnaden mellom biologi og adopsjon. Den filologiske undersøkjinga viser også at dei fleste omsetjingar av dramaet til moderne språk ignorerer og usynleggjer avgjerande aspekt som har med familie og adopsjon å gjere og har ført til upresise omsetjingar. Også i Mansfield Park (1814) av Jane Austen er adopsjonstematikken avgjerande, men på ein måte som gjer at den skil seg kraftig frå den generelle negative framstellinga av adopsjon i litteraturen. Eit sentralt moment i teksten er familiesirkelen. Denne termen indikerer ein måte å forstå familie på som gjer at adoptivfamilien og den biologiske familien blir meir sidestilte variantar av familie enn tradisjonelle forståingar av familie, som har ein sterk tendens til å gje privilegert status til den biologiske familien. Å framheve adopsjonstematikken i denne teksten medfører relativt store modifikasjonar av korleis teksten har blitt tolka og verdsett til no.

Personalia:
Geir Follevåg (1974) er oppvaksen i Askvoll (Sunnfjord). Han er cand. philol. ved Institutt for lingvistikk og allmenn litteraturvitskap, Universitetet i Bergen (2000). Follevåg er no førstelektor ved Institutt for lingvistikk og allmenn litteraturvitskap, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesninga:
25.01.2007, kl. 16:30. Oppgitt emne: ”Familie, erindring og eksistensiell smerte i Thomas Bernhards Ein Kind
Sted: Auditorium A, Sydneshaugen Skule, Sydnesplass 9

Tid og stad for disputasen:
26.01.2007, kl. 09:30, Auditorium A, Sydneshaugen Skule, Sydnesplass 9

Kontaktpersonar:
Geir Follevåg, tlf. 55 58 94 36, epost: Geir.Follevag@lili.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA.
For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.