Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2007

NY DOKTORGRAD

Kvifor kan ikkje torsk- og kveitelarver leve på tørrfôr?

Audil Kvåle   

Audil Kvåle disputerer 23. februar for Dr.scient-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Weaning of Atlantic cod (Gadus morhua) and Atlantic halibut (Hippoglossus hippoglossus) - studying effects of dietary hydrolysed protein and intestinal maturation as a marker for readiness for weaning

Dei fleste marine fiskelarver har problem med å nyttiggjere seg tørrfôr og må få tilført levande dyreplankton som fôr. Ein viktig årsak til dette er at mage-tarmsystemet til marine fiskelarver ikkje er ferdig utvikla. Først når larvene nærmar seg yngelstadiet kan dei overleve og veksa bra på tørrfôr. Det er knytta fleire ulemper til bruken av zooplankton som fôr. Det er difor eit ønske å utvikle eit tørrfôr som kan brukast i staden for zooplankton, og som er godt tilpassa dei ernæringsmessige behova til fiskelarvene. For å få til dette treng ein å forstå meir om korleis fiskelarver fordøyer fôret og korleis fordøyinga forandrar seg frå tidleg larvestadium til yngelstadiet med fullt utvikla mage-tarmsystem.

I første del av doktorgradsstudiet blei utviklinga av nokre utvalde tarmenzym gjennom larvestadiet hos torsk og kveite studert. I avhandlinga blir det diskutert kor vidt ein markert auke i aktiviteten til desse enzyma kan indikere kva tidspunkt i utviklinga kapasiteten til å fordøye tørrfôr blir vesentleg forbetra.

I andre del av studiet blei det undersøkt om torsk- og kveitelarver kan ha nytte av at ein del av fôrproteinet blir tilsett som hydrolysert protein. Hydrolysert protein er protein som er delvis fordøydd på førehand og er difor lettare å utnytte. Studiet viste at torskelarver overlevde best når 40 % av fôrproteinet var hydrolysert på førehand, medan kveitelarver overlevde best når ingenting eller maksimum 10 % av fôrproteinet var hydrolysert på førehand. Resultata var overraskande sidan torsk- og kveitelarver er forventa å ha ganske like krav til fôret. Grunnar til ulikt resultat hos torsk og kveite er diskutert og har sannsynlegvis samanheng med lekkasje av næringsstoff frå fôret etter utfôring og ulik spiseåtferd hos dei to studerte fiskeartane.

Personalia:
Audil Kvåle er fødd i 1970 og voks opp i Aurland og Sogndal i Sogn. Ho fullførte Cand. agric-studiet innan næringsmiddelfag ved Norges Landbrukshøgskole (no Universitetet for miljø- og biovitenskap) i 1995. Doktorgradsarbeidet har vorte utført ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES).

Tid og stad for disputasen:
23.02.2007, kl. 10:00, ”Sildetønnen”, NIFES, Nordnesboder 4, 4. etg.

Kontaktpersonar:
Audil Kvåle, tlf. 55 90 51 31, epost: akv@nifes.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. Avhandlinga er tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.