Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2007

NY DOKTORGRAD

Jødiske stadsforestillingar i antikken

Liv Ingeborg Lied   
Liv Ingeborg Lied disputerer fredag 7. desember for dr. art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”The Other Lands of Israel: A Study of the Land Theme in 2 Baruch”.

Lieds avhandling er eit studium av jødiske forestillingar om Israels land slik dei kjem til uttrykk i den antikke teksten 2. Baruk (2. århundre e.v.t.). På bakgrunn av stads-teoriane til den amerikanske geografen Edward W. Soja diskuterer Lied om konseptet Israels land først og fremst refererer til eit gitt geografisk område mellom Jordan-elva og Middelhavet i denne teksten, eller om 2. Baruk også kunne framstille Israels land som det området der det rettskafne folket til ei kvar tid levde i tråd med den pakta forfedrene hadde inngått med Gud. Avhandlinga argumenterer for at det først og fremst er dei rettskafne sine handlingar som skaper Israels land som stad i denne teksten, og at konseptet Israels land dermed kan bli brukt fleksibelt om fleire territorier og romlege storleikar i frelseshistoria, mellom dei Judea, Jerusalem og den himmelske verda. I 2. Baruk framstår derfor Israels land som ein sentral frelsesstad som garanterer både samtidig beskyttelse og framtidig triumf for det rettskafne folket.

Personalia:
Liv Ingeborg Lied er født på Stranda i Møre og Romsdal. Lied avla hovudfagseksamen i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen i 2000 og var i perioden 2002-2006 stipendiat ved Institutt for klassisk filologi, russisk og religionsvitskap (UiB). Ho er no tilsett som førsteamanuensis ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (AHKR) ved UiB.

Tid og stad for disputasen:
07.12.2007, kl. 09:30, Auditorium B, Sydneshaugen skule

Kontaktpersonar:
Liv Ingeborg Lied, epost: Liv.Lied@ahkr.uib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.