Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Nedgang av HIV/AIDS i Zambia

Charles Michelo   

Charles Michelo disputerer 2. februar for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Trends and determinants of HIV prevalence in Zambia: Evidence from surveys in selected communities"

Zambia er blant dei land i verda som er hardast ramma av HIV viruset. Omtrent 16% av vaksne menn og kvinner mellom 15-49 år er smitta, og i denne gruppa er HIV årsak til 60% av alle dødsfall. I dette forskingsarbeidet var siktemålet å byggja kunnskap om korleis smittespreiing endrast over tid i ulike folkegrupper og kva som er deira underliggjande forklaringar for endringane. Slik kunnskap er avgjerande viktig for å forstå lokale kontekstar som basis for å utvikla meir effektive førebyggjande tiltak lokalt.

Arbeidet er basert på omfattande befolkningsstudiar i utvalde by- og landområde i Zambia. Disse studiane blei repeterte i dei same områda over ein periode på nær 10 år. Hovudkonklusjonane i avhandlinga er ein markert reduksjon i spreiinga av HIV viruset dei siste 10 år. Reduksjonen var særleg stor blant unge menn og kvinner med utdanning over grunnskule, men blant dei aller fattigaste og lågast utdanna var det lite teikn på endring. Den observerte nedgangen hadde klar samanheng med redusert risikoåtferd - slik som reduksjon i talet på seksualpartnarar, meir systematisk bruk av kondom, og blant unge kvinner, utsetjing av barnefødslar. Forskingsarbeidet konkluderer også med at den mest brukte metoden for å studera trendar over tid i HIV-smitte der ein bare ser på gravide kvinner, kan føra til særs uheldige feilestimeringar av smittetrendar i den generelle befolkninga.

Dette arbeidet er ein del av samarbeidet mellom Senter for internasjonal helse, Universitetet i Bergen og Universitetet i Zambia, gjennom NUFU prosjektet (2002-2011) ”Strengthening HIV-related interventions in Zambia: co-operation in research and institution capacity building”.

Personalia:
Charles Michelo (f. 1961) vaks opp i Zambia. Han fekk si medisinske utdanning ved School of Medicine, University of Zambia in 1988 og er tilsett som forskar ved Department of Community Medicine, School of Medicine, University of Zambia.

Tid og stad for prøveforelesninga:
01.02.2007, kl. 14:15. Oppgitt emne: "HIV surveillance: feasibility, ethical issues and validity of different methods"
Sted: Aud. B 301, 3.etg. Sentralblokka, Haukeland sykehus

Tid og stad for disputasen:
02.02.2007, kl. 10:15, Aud. 2, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91 (BB Bygget)

Kontaktpersonar:
Charles Michelo, epost: charles.michelo@student.uib.no
Professor Knut Fylkesnes, Senter for internasjonal helse, tlf. 55 97 49 88
e-post: knut.fylkesnes@cih.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det medisinske fakultetsbibliotek. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side