Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Frå ryggstreng til ryggrad

Kari Nordvik   
Kari Nordvik disputerer 11. mai for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”From notochord to vertebral column: studies on Atlantic salmon (Salmo salar L.)”

Alle virveldyr har ein ryggstreng tidleg i livet. Den ligg i heile kroppslengda, frå hovud til hale. Hos pattedyr vert ryggstrengen erstatta av ryggraden tidleg i utviklinga og berre ein liten rest av den blir verande i kjernen av skivene som ligg mellom virvlane. Hos laks vert ikkje virvlane danna før etter at fisken er klekka og ein større del av ryggstrengen blir verande igjen som ein del av ryggraden.

I avhandlinga vert ryggstrengen undersøkt frå den vert utvikla i lakseegget og til virvlar og strukturar mellom virvlane er danna i den fritt symjande fisken. Resultata viser at ryggstrengen gjennomgår endringar som ser ut til å styrke den på ein slik måte at ryggstrengen i seg sjølve fungerer som ei ryggrad. I tillegg startar utviklinga av virvlar og mellomvirvelstrukturar i sjølve ryggstrengen, noko som tyder på at det segmentale mønsteret til ryggrada vert generert i sjølve ryggstrengen. Dette resultatet skil seg frå det ein trur er tilfellet hos pattedyr og fugl, der ein meiner at både virvlar og mellomvirvelstrukturar vert bestemt frå vev utanfor ryggstrengen.

Etter at det segmentale mønsteret til virvelsøyla er danna i form av mineraliserte ringar inni ryggstrengen, fungerer desse som eit fundament for den vidare veksten av virvlane, utanfor ryggstrengen. Slik vert ryggstrengen innlemma som ein del av ryggraden, ved at den dannar den innarste delen av virvlane og mellomvirvelstrukturane, medan hovuddelen av virvelen veks på utsida av ryggstrengen.

Resultata i avhandlinga viser nye eigenskapar ved ryggstrengen hos laks, både før og under utviklinga av ryggraden og at virvlane hos laks har opphav både frå ryggstrengen og vevet omkring.

Personalia:
Kari Nordvik er fødd i 1975 og oppvaksen i Knarvik. Ho er bachelor i biologi frå Københavns Universitet og er utdanna cand. scient i biologi ved Universitetet i Bergen i 2003. Ho har sidan arbeidd med doktorgraden ved Institutt for Biologi, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
11.05.2007, kl. 10:15, Aud. 4, Realfagsbygget, Allégt. 41

Kontaktpersonar:
Kari Nordvik, tlf. 55 58 35 89, epost: Kari.Nordvik@bio.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side