Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2007

NY DOKTORGRAD

Trygdeytingar, mental helse og opplevd funksjon

Simon Nygaard Øverland   
Simon Nygaard Øverland disputerer 19. september 2007 for PhD-graden ved det Psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Mental health and impairment in disability benefits. Studies applying linkages between health surveys and administrative registries.”

Det er kjent at årsakene til uføretrygding er samansette og inkluderar både medisinske og sosiale forhold. I forhold til kor ofte trygdeytingar vert diskutert, fins der lite forskingsbasert kunnskap om kva helsetilhøve som aukar risiko for tildeling av trygd, og korleis tildeling av trygd påverkar helsa. I denne avhandlinga vart mental helse og opplevd funksjonstap i forhold til trygdeytingar studert nærmare.

Studia er baserte på anonyme data frå to befolkningsbaserte helseundersøkingar: Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (1995-97) der nær 40 000 personar i arbeidsfør alder deltok og Helseundersøkinga i Hordaland (1997-99) der om lag 15 000 personar i alderen 40-47 deltok. Undersøkingane vart deretter kopla til nasjonale register over trygdeytingar.

I den første av dei tre artiklane som inngår i avhandlinga, vart det funne at mottakarar av trygdeytingar som venta rapporterar langt større funksjonstap enn folk som er i arbeid. Om lag halvparten av denne skilnaden kunne i analysane forklarast gjennom andre kjente helseforhold. I den andre artikkelen vart det rapportert at opplevd funksjonstap og ei rekke symptom er tilstades mange år før uføretrygding vert tildelt. Likevel ser desse helsevanskane ut til å verte større fram mot tidspunkt for trygding, for så å reduserast i perioden etter tildeling av trygd. I den siste artikkelen vart det gjort analyser som syner at søvnvanskar er ein like sterk risikofaktor for seinare tildeling av uføretrygd som depresjon.

Resultata i avhandlinga tyder på at søvnvanskar og opplevd nedsett funksjon kan vera viktigare i samband med trygdeytingar enn me tidlegare har trudd, både som risikofaktorar men og som mogeleg konsekvens av å verte arbeidsufør. Avhandlinga indikerer såleis at det kan vera til nytte å auka fokus på desse faktorane i førebygging av arbeidsuførheit.

Personalia:
Simon Nygaard Øverland (f 1975) er oppvaksen på Voss. Han avla psykologisk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 2003. Frå hausten 2003 arbeidde Øverland klinisk ved Sogndal BUP, før han gjekk inn i doktorgradsstipend ved Hemil-senteret, UiB våren 2004. Deler av doktorgradsarbeidet vart gjennomført ved Institute of Psychiatry, Kings College, London. Øverland er no tilsett ved Unifob helse og jobbar med endringar i bruk av tobakkvarer i Noreg.

Tid og stad for prøveforelesninga:
18.09.2007, kl. 16:15. Oppgitt emne: “The co-morbidity between musculoskeletal and mental disorders – consequences for social insurance”
Sted: Auditorium 130, Christiesgate 12, 1. etg.

Tid og stad for disputasen:
19.09.2007, kl. 10:15, Auditorium 130, Christiesgate 12, 1. etg.

Kontaktpersonar:
Simon Nygaard Øverland, tlf. 55 58 31 34, epost: simon.overland@psyhp.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det psykologiske fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.