Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Vondarta hjernesvulstar og nye behandlingsstrategiar

Cecilie Brekke Rygh   

Cecilie Brekke Rygh disputerer 21 juni for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Investigation of tumour characteristics and treatment strategies in animal models using multiparametric MRI and novel contrast agents”.

MR (magnetisk resonans) er ein medisinsk biletdannande modalitet, som blant anna er viktig for diagnostisering av pasientar med hjernesvulstar. Pasientar med hjernekreft (glioblastom) har ei gjennomsnittleg levetid på eit år etter diagnose er gitt, og tradisjonell behandling som kirurgi og/eller strålebehandling og cellegift har ikkje forbetra prognosen til desse pasientane dei siste 30 åra. Det er difor behov for å finne nye, meir effektive behandlingsmetodar. Konvensjonelle MR-bilete gir informasjon om svulstens morfologi, medan nyare opptaksteknikkar innan MR kan gi informasjon om funksjonelle eigenskapar hos svulsten, som til dømes blodtilførsel og lekkasje frå blodkar til tumorvev. Høggradige hjernesvulstar som glioblastom er kjenneteikna av nydanning av blodkar. Desse nye blodkara er som oftast permeable, og grad av nydanning av kar, og lekkasje frå desse, har samanheng med grad av malignitet.

Funksjonelle MR-teknikkar kan såleis nyttast til å betre karakterisere hjernesvulsten og finne eigenskapar ved svulsten som kan vere gjenstand for målretta terapi. Ved å nytte ein dyremodell for humane glioblastom, vart den biologiske effekten av eit molekyl på overflata av tumorcellene undersøkt med både morfologiske og funksjonelle MR opptaksteknikkar. Studien viste at dette molekylet gjorde hjernesvulstane meir aggressive, og kan vere eit framtidig behandlingsmål.

Basert på resultat frå nyare forsking, er det indikasjonar på at stamceller og særleg nevronale stamceller, kan vere ein lovande behandlingsstrategi for hjernesvulstar. Ein kan modifisere stamcellene til å levere medikament direkte til tumorcellene eller omdanne inaktivt til aktivt medikament i svulsten. Ved å merke stamceller med eit MR-kontrastmiddel, kan ein visualisere vandringa av desse cellene mot tumorcellene og såleis få kontroll om stamcellene når målet (tumorcellene) og i tillegg måle ein eventuell effekt av behandlinga. Kontrastmiddelet må både vere effektivt for å danne kontrast i biletet slik at cellene kan detekterast, samt at det ikkje skal endre viktige eigenskapar til stamcellene som er viktig for denne typen behandling. Eit kontrastmiddel vart undersøkt for dette formålet både i cellekultur og ved å transplantere kontrastmerka nevronale stamceller inn i rottehjerner med glioblastom. Ved hjelp av fleire MR-opptak over tid, kunne ein visualisere korleis stamcellene vandra frå transplanstasjonsstaden i den ene hjernehalvdelen, over hjernebrua (corpus callosum) og inn i tumorområdet i den andre delen av hjernen.

Rettleiarar under stipendiatperioden har vore førsteamanuensis Frits Thorsen, professor Arvid Lundervold og professor Rolf Bjerkvig, alle ved Institutt for Biomedisin, Universitetet i Bergen. Delar av arbeidet som inngår i graden har vore utført ved Neuroimaging Group, Institute of Psychiatry ved King’s College London i England.

Personalia:
Cecilie Brekke Rygh (1974) er oppvaksen i Vik i Sogn og i Knarvik i Nordhordland. Ho er utdanna radiograf (1996) frå Høgskolen i Bergen, og vart Cand. Scient. i 2001 frå Fysiologisk Institutt, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
21.06.2007, kl. 10:15, Auditorium 1, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91

Kontaktpersonar:
Cecilie Brekke Rygh, tlf. 55 58 60 99, epost: cecilie.brekke@biomed.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det medisinske fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side