Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Miljøkonsekvensutgreiing av planar og tiltak

Cand. jur. Sigrid Eskeland Schütz disputerer onsdag 6. juni 2007 for dr. juris-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Miljøkonsekvensutgreiing av planar og tiltak. Plan- og bygningslova kap VII-a i lys av EØS-direktiv 85/337 og 2001/42”.

Avhandlinga analyserer grunnleggande rettslege problemstillingar knytt til reglane om miljøkonsekvensutgreiing av planar og tiltak, slik reglane etter revisjonen i 2004 står i plan- og bygningslova kap. VII-a. Konsekvensutgreiingar er systematiske utgreiingar av moglege miljøverknader av arealbruksplanar, som kommuneplanen sin arealdel, eller av føreslegne inngrep i naturmiljøet, som etablering av industrianlegg og masseuttak.

Dei Sameinte Nasjonane og EF, seinare EU, har vore sentrale premissleverandørar i arbeidet med utviklinga av den norske reguleringa. Det var eit kjernepunkt i Verdskommisjonen for miljø- og utvikling sine tilrådingar å integrere miljø og økonomi i alle avgjerdsprosessar, der konsekvensutgreiingar er framheva som eit verkemiddel for å fremje integrering av miljøomsyn. Gjennom EØS-avtalen er Noreg underlagt reguleringar innanfor EF, og dei norske reglane implementerer to direktiv frå EF-retten. Direktiv 85/337 set krav til miljøutgreiing av visse tiltak. Det har vist seg at utgreiing av konkrete tiltak ikkje har evna å styre utbygging bort frå serleg sårbare område. Utviklinga av krav til utgreiing av visse planar og program i direktiv 01/42 er eit svar på dei manglane som hefter ved konsekvensutgreiingar på tiltaksnivå. Direktiva kompletterer einannan, men enno er det uavklarte rettsspørsmål knytt til verkeområdet for dei to direktiva.

Etter implementering i norsk rett tek direktiva seg ut som nasjonal lov og forskrift. Det gjer det vanskeleg å sjå kvar EF-retten sluttar og norsk rett byrjar, eit skilje som ved tolkingstvil er viktig ettersom EF-retten til ein viss grad har ei anna trinnhøgde enn norsk rett elles. Ei sentral problemstilling gjennom avhandlinga er kva føringar EF-retten – og då serleg direktivkrava – legg på tolkinga av norsk rett. Under dette fell også spørsmålet om det er motstrid mellom norsk rett og EF-retten. Avhandlinga konkluderer mellom anna med at tiltaksdirektivet ikkje er tilfredsstillande implementert i norsk rett ved handsaming av konsesjonar til etablering av vindmøller i sjøområde utanfor grunnlinene.

Ei hovudproblemstilling er på kva vilkår det er krav om å utarbeide ei konsekvensutgreiing for høvevis overordna planar, detaljplanar og tiltak. Direktiva regulerer spørsmålet inngåande. Avhandlinga analyserer også ei mengd saker frå EF-domstolen, der føresegnene i tiltaksdirektivet har vorte handsama, og viser korleis Domstolen gjennom sin praksis stadig har utvida verkeområdet for direktivet. Tiltaksdirektivet set krav om miljøutgreiing av store, alvorlege tiltak. For mindre alvorlege tiltak er utgreiingsplikta knytt til detaljplanar og tiltak som kan få vesentlege konsekvensar for miljøet. Avhandlinga konkluderer m.a. med at der ein i norsk rett har valt å samordne utgreiingskrava med planprosessen, sikrar ikkje norsk rett at desse mindre alvorlege tiltaka alltid vert underlagt krav om konsekvensutgreiing der EF-retten føreskriv det.

Tilknytinga til EF-retten set ikkje berre krav til norsk lovgjeving og ei viss tolking av denne, men kan også ha innverknad på meir grunnleggjande generelle prinsipp og tilnærmingar i norsk rett. Avhandlinga analyserer korleis norsk forvaltningsrett på dette området vert påverka av dei generelle prinsippa om proporsjonalitet og effektivitet i EF-retten.

Personalia:
Sigrid Eskeland Schütz er født på Stord (1971) og vart cand. jur. ved Det juridiske fakultet, UiB, i 1997. Sidan har ho vore tilknytt Det juridiske fakultet som lektor, doktorgradsstipendiat og no førsteamanuensis, med unntak av ein periode som Dommarfullmektig ved Sunnhordland Sorenskrivarembete i 1999-2000.

Tid og stad for prøveforelesninga:
05.06.2007, kl. 17:15. Oppgitt emne: ”Samspill og avveining mellom miljøhensyn og rettsikkerhet”
Sted: Auditorium 1, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1.

Tid og stad for disputasen:
06.06.2007, kl. 10:15, Auditorium 2, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1.

Kontaktpersonar:
Sigrid Eskeland Schütz, tlf. 55 58 95 89, epost: Sigrid.schytz@jur.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for juridiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side