Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Reservoar karakterisering

Jan Arild Skjervheim   
Jan Arild Skjervheim disputerer 29. mars for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen:

“Continuous Updating of a Coupled Reservoir-Seismic Model Using an Ensemble Kalman Filter Technique”

Eit oljereservoar består av ulike porøse bergartar der porene er fylt med ei samansetjing av gass, olje og vatn. Eigenskapane til dei porøse bergartane er bestemt ut frå bergartsparmetrane, og desse parameterane vil påvirka korleis væska vil strøyma i reservoaret. Gode estimat av eigenskapane til reservoaret er derfor viktig for utvinning av oljefelt. Direkte målingar av bergartsparameterane vil sjeldan vera tilgjengeleg, og indirekte målingar må derfor nyttast. Ei viktig informasjonskjelde vil her vera produksjonsdata, dvs rate- og trykkmålingar frå brønnar under produksjon, samt seismiske målingar. Eit hovudtema i oppgåva er å nytta ein matematisk modell for estimering av bergartsparametre samt dynamiske variable som trykk og metning i reservoaret. For dette er Ensemble Kalman filter (EnKF) metoden nytta, med spesielt fokus på assimilering av både store og ulike typar seismiske datasett i tillegg til produksjonsdata. EnKF metodikken er også nytta i forhold til kvantifisering av usikkerhet i framtidig produksjon. Eit hovudresultat i avhandlinga er at bruk av seismiske målingar kombinert med produksjonsdata kan gje betre og meir pålitlege reservoar beskrivelsar.

Personalia:
Jan Arild Skjervheim (f 1976) er født og oppvokst på Voss. Han avslutta siv.ing.-utdanninga ved linje for fysikk og matematikk, med spesialisering i industriell matematikk, ved Norges Tekniske-Naturvitenskaplige Universitet i 2002. Doktorgradsarbeidet er utført ved Matematisk Insitutt og Senter for Integrert Petroleumsforskning, Universitetet i Bergen, med Sigurd Ivar Aanonsen som hovedveileder, og Geir Evensen, Tor Arne Johansen og Magne Espedal som medveiledarar. Jan Arild Skjervheim er no ansatt på Forskningssenteret i Norsk Hydro.

Tid og stad for disputasen:
29.03.2007, kl. 09:30, Auditorium 4, Realfagsbygget, Allégaten 41

Kontaktpersonar:
Jan Arild Skjervheim, tlf. 976 53 076, epost: Jan-Arild.Skjervheim@hydro.com
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side