Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2007

NY DOKTORGRAD

Kva rolle spela etikk og moralsk danning i historieskrivinga i mellomalderen?

Sigbjørn Olsen Sønnesyn   
Sigbjørn Olsen Sønnesyn disputerer fredag 2. november 2007 for PhD- graden ved Universitetet i Bergen, med avhandlinga:

”’Ad bonae uitae institutum’: William of Malmesbury and the Ethics of History”

Det kan vere freistande for moderne historikarar å gå ut frå at historiefagets karakter har vore konstant heilt sidan menneska byrja å føre register over fortida. Slik har historikarar frå tidlegare tider sine avvik frå faktaorientert historieformidling vorte sett på som beklageleg, og avvika har vorte forklart i samsvar med eit slikt negativt syn. Medan historieskrivinga i mellomalderen generelt har vorte kritisert fordi den uttrykkeleg prioriterte moralsk danning framfor rein kunnskapsformidling, har eit fåtal historikarar frå perioden vorte haldne fram som langt meir moderne og faktaorienterte enn samtida for øvrig. Avhandlinga freistar å utfordre dette synet gjennom ei analyse av arbeida til den engelske benediktinarmunken og historikaren William av Malmesbury (ca. 1085-1142).

William av Malmesbury vart fødd om lag 20 år etter den normanniske invasjonen av England, og gjennom heile livet hans var heimlandet prega av store politiske og sosiale spenningar. I ein slik situasjon vart historieskriving også ein riktig måte å forstå samtida på, og William kan seiast å vere den fremste av ei stor gruppe engelske historikarar frå første halvdel av 1100- talet. Forskinga til no har i stor grad sett William som ein utprega moderne historikar, medan innslag av ”mellomalderske” haldningar har vorte forsøkt bortforklart som spel for galleriet. Særlig gjeld dette den sterke vektlegginga av den etiske lærdomen som historieforteljinga kan gje, som William deler med det meste av historieskrivinga frå perioden.

Avhandlinga samanliknar William sine historiske verk med klassisk og patristisk litteratur i tillegg til William sine eigne teologiske verk, og argumenterar for at hans sterke vektlegging av etikk, tradisjonelt sett på som utanfor historikaren sitt virkeområde, er tufta på ein heilskapleg tankegang med ei målsetjing i tråd med William sin litterære tradisjon og hans intellektuelle miljø. Den sterke motsetnaden mellom objektiv faktaformidling og subjektiv moralisering, som hittil har prega forskinga, kan seiast å vere bygd på moderne oppfattingar som var framande for William og hans samtidige. For dei var der inga verdinøytral sanning, og difor inga sann historieforteljing utan ein etisk bodskap.

Personalia:
Sigbjørn Olsen Sønnesyn er fødd på Voss i 1977, og har sidan 1997 stort sett budd i Bergen. Han har vore stipendiat ved Senter for mellomalderstudier ved Universitetet i Bergen og førstelektor ved Historisk institutt ved same institusjon, og er for tida heimeverande med fødselspermisjon.

Tid og stad for disputasen:
02.11.2007, kl. 09:30, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9.

Kontaktpersonar:
Sigbjørn Olsen Sønnesyn, tlf. 56037206, epost: sigbjorn.sonnesyn@cms.uib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for humaniora. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.