Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Gjeldskrisa i Latin-Amerika i historisk perspektiv

Oscar Ugarteche   
Oscar Ugarteche disputerer den 25. mai for dr.philos.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen:

”Genealogía de la arquitectura financiera internacional: una mirada desde América latina”

Ei rekkje latinamerikanske land har den siste generasjonen vore prega av omfattande gjeldskriser og vedvarande finansielle konfliktar. Det internasjonale pengefondet og andre tilsvarande finansieringsinstitusjonar har etter kvart tapt legitimitet og prestisje, mellom anna på grunn av mislukka intervensjonar og dårleg krisehandtering i til dømes land som Argentina. Avhandlinga set utanlandsgjelda og finansieringskrisa i Latin-Amerika inn i eit historisk perspektiv og understrekar samstundes dei trendar som no indikerer ei tydelegare regionalisering av dei internasjonale finansieringsordningane.

Arbeidet er basert på grundige arkivstudier i London og Washington D.C. og ser på prosessar og mekanismar som ligg til grunn for utviklinga av internasjonale gjeldsordningar. Avhandlinga tek utgangspunkt i Sørstats-gjelda i tida før Den amerikanske borgarkrigen, ser på den tyske statsgjelda på 1920-talet og på institusjonar som The London Council of Foreign Bondholders og mellom anna etableringa av Bretton Woods systemet. Ein heilt sentral plass i arbeidet får gjennomgangen av reforhandlingane og refinansieringa av utanlandsgjelda på 1980-talet, ein prosess som var svært kostnadsdrivande og medførte ei skalering av gjelda.

Personalia:
Oscar Ugarteche vart fødd i Lima, Peru i 1949. Han har utdanning frå Fordham University i New York og University of London/London Business School. Han har vore gjesteforskar ved Senter for utviklingsstudier ved UiB i 1993 og 1995 og arbeider no ved Institutt for økonomisk forsking ved nasjonaluniversitetet UNAM i Mexico By. Han er ein kjend internasjonal forskar på sitt felt og har publisert ei rekkje bøker og artiklar – særleg om utanlandsgjeld og globalisering – frå slutten av 1970-talet og fram til i dag.

Tid og stad for prøveforelesningene:
24.05.2007, kl. 17:30. Sjølvvald emne: "Las instituciones de Bretton Woods antes y ahora.”
24.05.2007, kl. 16:30. Oppgitt emne: "Impactos de la globalización en América Latina: Una evaluación de las perspectivas para el desarrollo cultural y económico."
Sted: Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Tid og stad for disputasen:
25.05.2007, kl. 09:30, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Kontaktpersonar:
Oscar Ugarteche, tlf. 55 58 42 52, epost: ugarteche@iiec.unam.mx
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side