Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Kven eigde Vestlandet i mellomalderen?

Jo Rune Ugulen   

Cand.philol. Jo Rune Ugulen disputerer fredag 9. februar for PhD-graden Universitetet i Bergen, med avhandlinga:

«...alle the knaber ther inde och sædescwenne...»: Ei undersøking i den sosiale samansetjinga av den jordeigande eliten på Vestlandet i mellomalderen.

Avhandlinga tek utgangspunkt i dei mykje siterte tala for jordeigedomsfordelinga i Noreg i seinmellomalderen, kring 1350, og påstanden der om at ein tredel av jorda i Noreg var i eiga til bøndene sjølve, medan berre omlag ein femdel var i eiga til det norske aristokratiet. Ugulen er kritisk til dette, og vil testa dette gjennom ei kartleggjing av mellomalderens private jordeigarar i området som i dag er femna av fylka Hordaland og Sogn og Fjordane. I alt er det funne over 1200 namngjevne jordeigarar i området, og det har vore mogleg å identifisera den sosiale statusen til omlag 60 % av desse. Totalt kan godt over ein tredel av desse over 1200 jordeigarane reknast til aristokratiet, medan berre eit fåtal av dei kan påvisast å vera bønder. Dette står i sterk kontrast til dei tradisjonelle tala for jordeigedomsfordelinga i Noreg i mellomalderen. Ugulens avhandling viser dermed at det norske aristokratiet i seinmellomalderen må ha vore meir talrikt enn kva det tradisjonelt har vore rekna med i norsk historieskriving.

Personalia:
Jo Rune Ugulen vart fødd i Bergen i 1968, og vart cand.philol. ved Universitetet i Bergen i 2002. Doktorgradsstudiet vart gjennomført ved Senter for middelalderstudier, Universitetet i Bergen, 2003–2006. Etter eit halvår som førstelektor ved Historisk institutt, Universitetet i Bergen, er han no mellombels tilsett som rådgjevar ved Riksarkivet, med arbeidsstad i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
09.02.2007, kl. 09:30, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Kontaktpersonar:
Jo Rune Ugulen, tlf. 90 54 07 21, epost: rugulen@online.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side