Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Reisande bilete

Øyvind Vågnes   
Øyvind Vågnes disputerer fredag 9. november for dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Zaprudered: the Journey of Zapruder’s Images”

Då hobbyfotografen Abraham Zapruder kom til å filme mordet på John F. Kennedy i 1963, enda han opp med å skape ein av dei mest kjende filmsnuttane i det tjuande hundreåret. Avhandlinga ”Zaprudered: the Journey of Zapruder’s Images” søkjer å kartleggje og å analysere korleis denne filmen har funne vegen til ei rekkje ulike kulturelle uttrykksformer, som avisreportasjer, fjernsynsprogram, kunstverk, spelefilmar, romanar, og museumsinstallasjonar. Zapruder laga det forfattaren kallar ”travelling images”, bilete som når dei vert framviste og siterte i stadig nye kontekstar gradvis riv seg laus frå det mediet dei vart til i, samt den hendinga dei viser oss.

Avhandlinga viser korleis Zapruders film, som til å byrje med i all hovudsak vart sett på som bevismateriale og historisk dokument, i seinare år i veksande grad vorte betrakta som estetisk uttrykk, og drøftar ei rekkje konsekvensar av ei slik utvikling. Sjølv om monografien fokuserer på historien til ein enkelt film, ekstrapolerer den såleis ei kulturhistorisk utforsking av samtidas visuelle kultur.

Personalia:
Vågnes er født i 1972 i Brattvåg. Han er cand. philol. frå Universitetet i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
09.11.2007, kl. 09:30, Auditorium B, Sydneshaugen skule.

Kontaktpersonar:
Øyvind Vågnes, tlf. 98020447, epost: Oyvind.Vagnes@infomedia.uib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side