Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Livshistoriebiologi hos plankton, fisk og sjøfugl

Øystein Heggernes Varpe   

Øystein Heggernes Varpe disputerer 16. februar for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Life history adaptations to seasonality”

Korleis bør eit individ fordele ressursar mellom vekst, energilagring og reproduksjon? Dette er eit sentralt spørsmål i biologi. Frå eit evolusjonært perspektiv handlar dette om korleis livet bør levast for å produsere mange avkom av høg verdi. Avhandlinga tar opp dette spørsmålet for dyreplankton, sild og sjøfugl, med fokus på artar i miljø med sterk sesongsyklus slik som i Arktis og Antarktis. I slike miljø har energireservar ei sentral rolle og er styrande for både åtferds- og livshistorieval.

Varpe har utvikla ein livssyklusmodell for dyreplankton der energilager (særleg feitt) er viktige, ikkje bare for å overleve vinteren, men også for produksjon av avkom neste vår. Med oppsparte midlar kan egg produserast tidleg. Det gir egg med dei beste utsikter til sjølv å produsere mange og levedyktige avkom. Individ utan feittlager må vente på våropplomstringa av planteplankton før dei lagar egg. Deira avkom gjer det dårlegare, blant anna fordi det er knapt med tid før vinteren. Energilager kjem ikkje gratis, men gjennom risikofylt beiting – fare for å bli andres rov. Vilje til energilagring må derfor balanserast mot forventa verdi av neste vårs reproduksjon.

I avhandlinga vert det poengtert at levesett som inkluderer energilagring også har markante økosystemkonsekvensar. Silda er eitt døme. Ho beitar på dyreplankton i Norskehavet på sommarhalvåret og fastar seg gjennom resten av året, under overvintring og påfølgande gyting ved norskekysten. Vandringa mellom hav og kyst er ei gigantisk flytting av opplagsnæring som endar som egg og mjølke på gytebankane. Varpe har estimert sildas mattutak til havs og transport av biomasse til kysten. Norsk vårgytande sild står for ein av verdas største energitransportar utført av ein enkelt vandrande bestand.

Avhandlinga inneheld fleire konklusjonar. Vi må kjenne til korleis avkommet varierer i verdi gjennom sesongen for å forstå foreldra sitt reproduksjonstidspunkt. Like fullt må vi kjenne foreldra sin tilstand, blant anna energilager, for å forstå reproduksjonstidspunkt og andre livshistorieval. Slike val inkluderer foreldreomsorg, som ungepass og mating hos sjøfugl. Vi må også forstå energilagrande dyrs vandringsmønster når vi studerer økologiske koplingar. Det er viktig blant anna for utfordringar knytt til miljøgifter. Feittlagrande dyr har den moderne skjebne å fungere som miljøgifttransportørar.

Personalia:
Øystein Heggernes Varpe er født i 1975 og vaks opp i Os ved Bergen. Han er utdanna cand. scient. i biologi ved Universitetet i Tromsø i 2002. Doktorgradsarbeidet er utført ved Institutt for Biologi, Universitetet i Bergen, inkludert eit utanlandsopphald ved British Antarctic Survey, Cambridge.

Tid og stad for disputasen:
16.02.2007, kl. 10:15, Auditorium 101, Jahnebakken 5

Kontaktpersonar:
Øystein Heggernes Varpe, epost: oystein.varpe@bio.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side